NRK Meny
Normal

Hemmeleg grunngjeving for støtte

Innovasjon Norge vil ikkje offentleggjere vurderingane som ligg bak lån og tilskot på nær 80 millionar kroner til etablering av dørfabrikken Dooria i Årdal.

Det skriv næringsminister Odd Eriksen i eit brev til høgrepolitikarar Peter Skovholt Gitmark.

Høgre og Frp kritiske

Høgre og Framstegspartiet på Stortinget har vore svært kritiske til at Dooria har fått statlege pengar til etablering i Årdal avdi dei meiner dette gjev Dooria konkurransefordelar i forhold til andre norske dørfabrikkar. Næringsministeren har tidlegare avvist dette, og sagt at Innovasjon Norge nok har analysert marknaden for dører før dei gjorde sine vedtak.

Etter det har Peter Skovholt Gitmark frå Høgre bedt om at denne informasjonen blir gjort kjent for Stortinget.

Underlagt teieplikt

 

Nærings- og handelsminister Odd Eriksen
Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

 No svarar næringsministeren at det meste av saksinnstillinga er underlagt teieplikt. Innovasjon Norge meine då at resten av saksutgreiinga også skal vere unntatt frå offentleggjering avdi den vil gje eit misvisande bilete av saka, svarar Eriksen (biletet). Næringsministeren er føretaksmøte for Innovasjon Norge, og kan formelt krevje kontroll av vedtak, men Eriksen skriv i svaret at han ikkje finn grunn til å sette i gang gransking av vedtaket om pengar til Dooria.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.