Hopp til innhold

Han knotar så fælt at mora skrur av tv-en når han er på

Frode Grodås drog til Austlandet, vart fotballstjerne og Hornindal sin store stoltheit, men då han opna munnen på riksdekkjande tv, fekk bygdefolka sjokk.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Kan Honndølane tilgi sin store son?

– Det er meg det går utover, ingen andre. Folk kom bort og kjefta på meg. Dei meinte eg hadde gitt han dårleg oppdraging sidan han ikkje snakka skikkeleg, seier Karolina Grodås, mor til Frode Grodås.

Mora skammar seg sånn over knotinga til sonen at når han er på tv så slår ho tv-en alltid av.

Yasmin og Grodås

TILBAKE TIL HORNINDAL: Programleiar Yasmin Syed tar med Frode Grodås med tilbake til Hornindal for å finne ut kvifor bygdefolka føler at han svikta dei.

Foto: NRK

I fjerde episode av Dialektriket, som vert vist 17. november, møter programleiar Yasmin Syed keeperhelten Frode Grodås som la om dialekta, eller byrja å «knote», då han gjorde karriere.

Dialektriket er ein norsk serie om nordmenn og dialektar. Kva er det med desse dialektane her i landet? Kvifor vekker dei så sterke kjensler i oss?

Tilgi Hornindal sin store son?

I denne episoden snakkar Grodås om korleis det er å vere ein knotar, og kvifor han eigentleg la om dialekta.

I tillegg bestemmer Yasmin seg for å ta Frode med tilbake til Hornindal for å finne ut kvifor bygdefolka føler at han svikta dei. Vil innbyggjarane i Hornindal tilgi bygda sin store son?

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Her kan du sjå kva Honndølane meiner om «knotinga» til Frode Grodås.

Grodås har tidlegare erkjent at han mista kontrollen på språket sitt då han reiste til Oslo som lærar på 90-talet. I 1993 fekk honndølen knoteprisen.

Tre dagar vart brukt for å gjere opptak i Hornindal i februar i år og i denne episoden kan du bl.a. sjå halshogging av Frode, honndølane som rasar over Frode, nevøen som gjer narr av han og mora som skammar seg.

Dialekthelvete

Noreg er eit dialektparadis, men også eit dialekthelvete. For det finst knapt nok eit strengare dialektrike i verda. Medan det i andre land er forventa at du legg om dialekta i offisielle settingar, vert du i Noreg utstøytt og hetsa av dine eigne berre du så vidt endrar litt på tonefallet.

Å vere «ein knotar», ein vi trur pyntar på språket for å oppnå noko, har vore eit skjellsord heilt sidan 1600-talet.

Hoggestabben

Under det siste besøket i heimbygda, vart landslagstrenaren lagt på hoggestabben. Der ordførar Anne-Britt Øen Nygård stod over han med ei øks i handa.

Her kan du sjå heile programmet Dialektriket som blei sendt søndag 17. november.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Dialekttrekk og presentasjon av Hornindal.