Hopp til innhold

Heltediplom til 84-åring

Jenny Bruland Riise (84) frå Førde har fått Norsk brannvernforening sin heltediplom. Bakgrunnen er at ho laurdag morgon truleg redda livet til leigebuaren sin.

Jenny Bruland Riise og Bernhard Øberg.
Foto: Asgeir Jens Reksnes / NRK

Leigebuaren hadde sovna frå matlaginga, og det førte til kraftig røykutvikling i husværet.

Bruland Riise reagerte på røyklukta, og gjekk ned til leigebuaren. Mannen var medvitslaus då ho fann han. 84-åringen varsla politiet, som sende ambulanse, brannvesenet og ein politipatrulje til staden. Samstundes opna ho vindauge og dører for å lufte ut røyken. Ambulansepersonellet fekk raskt liv i mannen og frakta han til sjukehus.

- Jenny Riise Bruland handla resolutt og korrekt i ein situasjon som utvilsomt var livstrugande for leigebuaren, seier administrerande direktør Dagfinn Kvalheim i Brannvernforeningen.

Bruland Riise er den første som får heltediplomet etter årtusenskiftet.

Heil sidan starten i 1923 har Norsk brannvernforening delt ut diplom til kvardagsheltar som har gjort noko utanom det vanlege for å berge liv eller verdiar frå brann.