Helsetilsynet skal vurdere helsetilsett

Statens helsetilsyn skal vurdere framtida for helsearbeidar som stal vanedannande medikament frå helseføretaket.

Førde sentralsjukehus

STAL MEDISINAR: Ein tilsett ved helseføretaket stal vanedannande medisinar. No skal helsetilsynet vurdere kva reaksjon dette skal få.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fylkeslegen har hatt saka til vurdering der ein tilsett har stole vanedannande medikament frå arbeidsplassen, såkalla a-preparat. Saka vart oppdaga i mars i år.

Saka er også meld til politiet. No har fylkeslegen vurdert saka og sender den vidare til Statens helsetilsyn for vurdering av kva som skal skje med vedkommande, seier assisterande fylkeslege, Jakob Andersen.

– Dersom helsepersonell stel medikament og spesielt vanedannande medikament, blir sakene sendt til Statens helsetilsyn for vurdering. Enten får vedkommande ei åtvaring eller autorisasjonen kan bli inndratt – heilt eller delvis.

Statens helsetilsyn kan tilbakekalle autorisasjonen til vedkommande, dersom helsepersonellet ikkje er skikka til å utøve yrket forsvarleg på grunn av mellom anna åtferd som vert sett på som uforeineleg med yrkesutøvinga.

Fylkeslegen har registrert at det blir stadig fleire slike typar saker, der tjuveri blir avdekka.

– Ja, så kan ein spørje seg om det er fleire som gjer tjuveri eller om det er institusjonane som er blitt flinkare til å avdekke tjuveri. Eg tenkjer at det er det er det siste, når svinn blir oppdaga har institusjonane betre rutinar for å kryssjekke vaktplanar og svinn, seier Andersen.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.