NRK Meny
Normal

Helsetilbod kan forsvinne frå fylket

Spesialtilbod ved sentralsjukehuset kan forsvinne, meiner professor. Samstundes skal Helse Førde bygge ut for over 1,5 milliard.

Førde sentralsjukehuset 5

SKAL UTVIDAST: Delar av Førde sentralsjukehus er 40 år.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Nye operasjonsstover, psykiatribygg, og eit mål om enkeltrom på alle avdelingar skal ruste helseføretaket for framtida.

Samstundes må styret i dag kutte 50 millionar kroner for å få budsjettbalanse.

Professor i helsetenesteforsking, Olav Helge Førde ved UiT, er ekspert på utviklinga i helsetenestene.

Olav Helge Førde

TRUR PÅ STORE ENDRINGAR: Professor i helsetenesteforsking Olav Helge Førde.

Foto: Fredrik Lauritzen / NRK

Helseføretaka har laga seg bilete av korleis framtidas spesialisthelseteneste vil bli fram mot 2035, og investerer etter dette, faren er at slike visjonar slår feil:

– Det blir som å spå i kaffigrut. Alle dei fire helseregionane lagar planar som eg tvilar på er aktuelle 20 år fram i tid, seier Førde.

Tenester kan bli flytta ut av fylket

Førde ser ikkje vekk frå at tilbod vil bli flytta ut av fylket i framtida.

– Dette er internasjonale trendar innan spesialisering. Før var det ein kirurg for tarm, no deler fleire kirurgar tarmen mellom seg. Det er ikkje lett å seie kor dette ber hen.

– Vil tenester bli flytta ut av fylket?

– Det kan ein ikkje utelukke. Ein del av desse spesialtenestene krev eit volum og ein storleik på pasienttilbodet som overgår det Sogn og Fjordane kan ha. Folk vil ha dei mest høgkompetente tenestene, seier Førde.

Tilbod kan forsvinne

Administrerande direktør i Helse Førde, Børge Tvedt, trur teknologien vil virke begge vegar:

– Noko kan sentraliserast, men andre ting kan også desentraliserast på grunn av teknologi. Eg er heilt sikker på at vi vil ha ei kraftfull spesialisthelseteneste i Sogn og Fjordane i framtida, seier Tvedt.

Børge Tvedt

MÅ KUTTE: Direktør i Helse Førde, Børge Tvedt.

Foto: David Kandal / NRK

Tvedt og styret skal finne 50 millionar kroner til budsjettet i dag. Samstundes er Tvedt ikkje i tvil om at milliardutbygginga er naudsynt. Hovuddelen av Førde sentralsjukehus er 40 år, mykje må skiftast ut:

– Vi er klar over at det er svært vanskeleg å sjå inn i framtida. Vi byggar no heilt fram mot 2050, og utviklinga går fort. Det vi gjer då er å prøve å sikre oss ein fleksibilitet i det vi bygger, seier Tvedt.

Har tru på lokalsjukehusa

Kutta i Helse Førde har fått ordførarar i Sogn og Nordfjord til å følgje svært nøye med. Dei fryktar at viktige tilbod skal forsvinne heilt.

Men Olav Helge Førde trur lokalsjukehusa kan få endå større aktivitet framover.

– Det å flytte og legge ned Nordfjord eller Lærdal sitt tilbod innan indremedisin eller geriatri meiner eg ligg i korta ikkje er aktuelt.

Førde seier det framover vil vere ei stor gruppe eldre med mange sjukdommar som blir lagt ofte inn, som treng slike lokale tilbod.

–Tal senger og storleiken på tilbod til denne gruppa må auke samanlikna med det ein ser i dag, meiner han.

Styret i Helse Førde går inn for å byggje ut sentralsjukehuset i Førde for 1,5 milliardar kroner. I tillegg til ombygging og utbygging av eksisterande bygget, skal det byggast eit nybygg til psykiatrien.

VISJONEN: Slik blir nye sjukehusområdet i Førde etter milliardinvesteringa

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.