Hopp til innhold

Helsesøster: Jordmødrene bergar gravide i utkantane

Fødeavdelingane på lokalsjukehusa er nedlagde, men trass dystre spådommar har det gått bra også i utkantane. – Jordmødrene og deira God Start-tilbod har vore berginga, seier helsesøster.

Turid Blålid

OMSORG: Turid Blålid er leiande helsesøster i Vågsøy.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Fem år etter at fødeavdelinga i Nordfjord vart lagt ned har ting gått bra, seier Helse Førde. På den andre sida meiner forskarar at risikoen for barnet aukar med avstand.

Helsesøster i Vågsøy Turid Blålid meiner at God Start-einingane i Nordfjord og Indre Sogn er avgjerande:

– Det var eit reelt trugsmål at kvinnene i Nordfjord ville få færre barn og kvi seg for å flytte heim. Heldigvis vart God Start-eininga etablert. Det har vore redninga for kvinnene, i alle fall for oss i Ytre Nordfjord, seier Blålid.

Folk demonstrerte til lita nytte

Ved helsestasjonen i Måløy kjem gravide og småbarnsforeldre innom dørene. Kvinnene her har mellom to og tre timar til fødeavdelingane.

Protestane var massive mot nedlegging, på torget nedanfor helsestasjonen deltok 2000 menneske i demonstrasjonstog rett før jul i 2010.

Sjukehusdemonstrasjon i Måløy

2010: I desember 2010 var det fakkeltog for å berge lokalsjukehusa. Den vart overført til storskjerm til ein tilsvarande demonstrasjon framfor Stortinget.

Foto: Øystein Torheim/NRK

Har tilpassa seg ei ny tid

I dag seier legar og jordmødrer ulike ting om kvaliteten på fødetilbodet for dei med lang reiseveg.

Leiar for God Start-eininga i Nordfjord Merete Melheim, og leiar for Kvinneklinikken Tom Guldhav, har tidlegare sagt til NRK at det har gått bra med dei som har måtte føde i ambulanse, eller som naudfødslar på God Start-einingane i Nordfjord og Lærdal.

Men førre veke sa forskar og fødselslege på Haukeland Hilde Engjom at det statistisk sett er tre gonger farlegare å føde om ein har lang veg til fødeavdeling.

I Vågsøy har ein måtte tilpasse seg den nye tida.

– Avstand til fødeavdelinga er kanskje det kvinnene er mest bekymra for. Men vi har jordmødrer som tryggar foreldra på kva dei skal gjere når det nærmar seg fødsel. Ein kan ringe God Start-eininga for å få vurdering på om fødselen er i gang, eller kome inn og overnatte. Det er med å skape tryggleik, seier Blaalid.

Bur på hotell før fødselen

Karoline Skåre fekk barn i januar. Før det budde ho tre netter på hotell i Førde. Mange kvinner får tettare oppfølging frå jordmødrer for å sikre at dei kjem fram til rett stad i tide:

– Eg syntest det var altfor langt å reise, særleg sidan det var vinter. Når fødselen starta gjekk det raskt, heilt til det stoppa opp. Det enda med hastesnitt, så eg er glad for at eg var nær eit sjukehus, seier Skåre.

Karoline Skåre

LUKKE: Karoline Skåre fekk guten sin i januar, dagane før fødselen budde ho på hotell i Førde.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Turid Blålid seier det er trygt å føde for kvinner i Nordfjord, men vil gjerne ha fødeavdelinga tilbake. Men God Start-eininga har vore redninga, meiner ho:

– Kvinnene kan få trygg transport, ordninga sikrar jordmødrer i kommunane, og ikkje minst har dei moglegheit til å kome tilbake til heimtraktene i dagane etter fødsel, seier Blålid.