NRK Meny
Normal

Helsepersonell blir haldne tilbake på Sentralsjukehuset

Helsepersonell blir haldne tilbake på Sentralsjukehuset i Førde. Helseføretaket vil ikkje sleppe folk før dei har kontroll på at kveldsvaktene kjem seg på jobb.

Førde sentralsjuehus

VATNET STOPPAR HELSEPERSONELL: Sentralsjukehuset i Førde er omringa av vatn, og ein veg frå Sjukehuset er sperra. Mange kjem verken til eller frå heimen sin. Helseføretaket vil vere sikre på at dagvaktene blir avløyste før dei vert sende heim.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Regnet har pøsa ned i fylket det siste døgnet, noko som har ført til at flaum og stengde vegar fleire stader. Fleire personar har slite med å komme seg på jobb i dag.

Haldne tilbake

Kommunikasjonssjef i Helse Førde, Terje Ulvedal, seier dei vert halde tilbake for å ha kontroll på at folk kjem seg på jobb.

Terje Ulvedal

HELD PERSONELL TILBAKE: Helsepersonell blir ikkje slept heim før kveldsvaktene er på plass, seier Terje Ulvedal som er kommunikasjonssjef i Helse Førde.

Foto: Ukjent / Helse Førde

– Det har gått ut beskjed til alle avdelingane om at ein ikkje må sende folk heim i kveld før vi veit at vi har tilstrekkeleg bemanning på plass

I Førde er vegen mellom E39 og sjukehuset stengd. Den andre vegen til sjukehuset står i fare for å bli stengt. Dette har ført til at legar og anna helsepersonell ikkje får forlate sjukehuset, før ein er sikker på at kveldsvaktene kjem seg på jobb.

Må vere sikker på å ha personell på plass

– For å vere på den sikre sida ber vi avdelingane ta omsyn til dette, seier Ulvedal.

– I slikt ver kan det også vere fare for ulukker der det blir ekstra behov for å bruke sjukehuset. Kva tenkjer du om det?

– Ja, det er klart at det er også noko vi ikkje kan sjå bort frå. Vi er i ein usett situasjon, vedgår Ulvedal.

Kommunikasjonssjefen håper ikkje alle vegane fram til sjukehuset blir stengde for det vil skape ein svært vanskeleg situasjon.

– Den eige vegen til sjukehuset er stengd. Vi håper å unngå fleire stengingar. Det vil bli svært vanskeleg.

Vegopning på Bergum i Førde kommune