Hopp til innhold

Helseminister: – Dette er truleg verdas finaste legevakt

Bent Høie (H) lét seg imponere av den splitter nye legevakta til 150 millionar.

Legevakt

KLIPTE SNORA: Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) opna nybygget som ligg vegg i vegg med sjukehuset i Førde.

Foto: SONDRE DALAKER / NRK

Det mangla ikkje på lovord då helse- og omsorgsministeren opna den splitter nye interkommunale legevakta ved Førde sentralsjukehus.

– Legevakta for Sunnfjord og Ytre Sogn er Norges finaste legevakt, og truleg verdas finaste, for det er ikkje så mange andre som har den legevaktordninga vi har i landet. Den er unik, seier Høie.

Legevaktsentralen skal ta imot pasientar på kveldar og helg frå ni ulike kommunar. Desse er Askvoll, Hyllestad, Fjaler, Høyanger, Balestrand, Jølster, Naustdal, Gaular og Førde.

– Bygget i seg sjølv er ikkje det viktigaste, men at dei som jobbar her og pasientane får omgjevnader som står i stil til den kvaliteten som det er på tenestene her på huset, seier han.

Nybygget kostar 150 millionar kroner og er eigd av Helse Førde. Helse Førde leiger igjen ut om lag ein tredel av bygningsmassen til legevaktsentralen.

Få steg frå legevakt til sjukehus

Nybygget ligg vegg i vegg med sjukehuset i Førde.

– Det er store fordelar, ikkje minst for pasienten. Kjem ein til legevakta, men skulle vore på sjukehus er det kort veg. Dessutan er det kort veg mellom fagmiljøa, seie Høie.

– Korleis skal andre legevakter måle seg mot med plasseringa til denne legevakta?

– Dei må bruka sine beste lokale forutsetnigar, men det er klart at det å vera i nærleiken til eit sjukehus er ein fordel. Det er ikkje alle stader det er mogleg, men då har me andre løysingar som blant anna desentralisert røntgenutstyr, seier han.

Fem millionar til fastlegerekruttering

Til besøket i Førde hadde helseministeren med pengar til fastlegerekruttering. Regjeringa løyver 5 millionar til såkalla utdanningsstillingar, som skal gjere det meir attraktivt å bli fastlege. Frå før er det sett av 10 millionar til prosjektet.

– Vi prøver ei ordning med utdanningsstillingar. Den blir no utvida til å gjelde fire kommunar i Sogn og Fjordane, seier Høie.

Den prekære fastlegemangelen mange stadar i Norge gjer at ein ønskjer å sjå på om det hjelper på rekrutteringa at kommunane betalar vidareutdanninga til unge legar.

– Vi tek eit større ansvar og hjelper kommunane. Vi kjem ikkje vekk frå at det er kommunane si teneste, og at er avhengig av at kommunane tek eit større leiaransvar for den tenesta, seier han.