Det seier styreleiar Marthe Styve Holte i regionføretaket til firda.no.
– Vi har ikkje må om å endre helseføretaksgrensa. Det er heller ikkje vår politikk å kapre pasientar frå andre helseføretak, for det ville vere eit kortsiktig løp seier ho.
Fleire personar i Nordfjord jobbar for å for å bli skilt ut frå Helse Førde og lagt inn under lokalføretaket Helse Møre og Romsdal, med Volda som lokalsjukehus.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Kan bli samarbeid
Helse Vest og Helse Midt-Norge har inngått ein intensjonsavtale om eit samarbeid over føretaksgrensa, når fødeavdelinga på Nordfjordeid blir avvikla til hausten.
Styve Holte seier til nettavisa at ho det også kan bli snakk om andre typar samarbeid. Mellom anna ser ho føre seg at fylket hennar etter kvart nyttar rusbehandlingstilbodet som skal byggjast opp på Eid.
– Men dette vil vere avhengig av at det nye lokalsjukehusprosjektet på Eid kjem opp å gå og at det blir bra, seier ho.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: