Helseføretak må ut med millionbeløp etter å ha sparka tilsett

Helse Førde sparka ein leiar fordi dei meinte ho ikkje gjorde jobben sin.

Helse Førde

MISTA JOBBEN: Ein tilsett mista jobben i Helse Førde for eit år sidan.

Foto: Fredrik Helland / NRK

No har kvinna fått medhald i Sogn og Fjordane tingrett om at oppseiinga var ugyldig.

– Det viser at arbeidsgjevar ikkje hadde grunnlag for å seie ho opp, men gjorde det likevel. Sjølve oppseiinga og prosessen rundt kom som eit sjokk ho, og gav ho ein psykisk knekk, seier advokaten til kvinna, Ane Sofie Tømmerås.

Meiner oppseiinga var gyldig

Helse Førde grunngav oppseiinga med det dei meinte var ei rekke misforhold frå arbeidstakar si side. Vedkommande som hadde ei leiarstilling, skal i utstrekt grad ha nytta seg av heimekontor, vore borte frå obligatoriske møte og hatt det helseføretaket kallar ureglementert fråvær.

Då arbeidsgjevar tok opp dette viste leiaren blant anna til at om ho var tilstades på morgomøta ville ho kunne få pasientinformasjon som var omfatta av tausheitsplikta. Til dette svara Helse Førde at om vedkomande meinte dette var ei utfordring, så kunne saksøkjar ha teke dette opp med leiinga og fått det avklara på eit tidlegare tidspunkt.

Helseføretaket er også kritisk til saksøkjar si forståing av rolla si som leiar. Mellom anna blir det trekt fram at ansvar skal ha blitt delegert vekk og det skal ha blitt gitt stillingstillegg som ikkje var klarert høgare oppe i systemet.

Helse Førde listar også opp manglande arbeidsprestasjonar som ei av årsakene til oppseiinga. Det blir også peika på at sjølv om leiaren hadde ansvar for helse, miljø og tryggleik, bidrog hennar oppførsel til eit dårlegare arbeidsmiljø.

Helse Førde meinte difor at dei måtte frikjennast og at sakskostnadene måtte bli dekka.

Meiner ho ikkje blei høyrd

Ane Sofie Tømmerås

ADVOKAT: Ane Sofie Tømmerås har vore advokaten til den tidlegare leiaren i Helse Førde.

Foto: Advokathuset Justisia

Advokaten til kvinna seier kvinna blei gjort merksam på korleis arbeidsgjevar meinte ho svikta, seint på hausten 2018.

– Desse forholda tilbakeviste klienten min både munnleg og skriftleg. Ho opplevde at arbeidsgjevar ikkje høyrde på hennar tilsvar, seier Tømmerås.

Ho fortel at forsøk på å få ein dialog med Helse Førde ikkje førde fram.

Tingretten skriv i dommen at terskelen for å seie opp ein tilsett er høg og at arbeidsgjevar må vise til gode grunnar. Dei legg også vekt på at bevisbyrda for det som ligg til grunn for oppseiinga, ligg på arbeidsgjevaren.

Retten meiner kvinna ikkje fekk tydelege nok tilbakemeldingar på jobben ho gjorde. Tilbakemeldingane var også lite konkrete.

Dommarane finn det heller ikkje sannsynleggjort at dei forholda som kvinna kan kritiserast for, har vore av ein slik karakter og eit slikt omfang, at det vesentleg har gått utover arbeidsprestasjon, arbeidsmiljøet eller drifta.

Retten har altså konkludert med at oppseiinga av ugyldig.

Helse Førde må også betale 650.000 kr i erstatning for økonomisk tap som følgje av oppseiinga og 70.000 kroner i oppreisingserstatning. Helseføretaket må også betale om lag 300.000 kr for sakskostnadane til kvinna.

Helse Førde opplyser om at dei førebels ikkje har bestemt seg for om dei vil anke dommen.

Får ikkje jobben tilbake

Men sjølv om kvinna har vunne fram i denne rettsinstansen, skal ho ikkje tilbake i jobben ho hadde.

– Det har ho heller ikkje spurt om å få. Det blei svært vanskeleg å gå tilbake i ei leiarstilling når arbeidsgjevar hadde uttrykt så sterkt mistillit til ho, seier Tømmerås.

Advokaten fortel at dei er nøgde med oppreisingserstatninga, men at erstatninga for det økonomiske tapet er ein del mindre enn dei håpa på.

Tømmerås seier dei enno ikkje veit om dei ankar.

– Vi har framleis nokre veker på oss. Men klienten min har oppnådd det som har vore viktigast, at det samrøystes har blitt slått fast at det ikkje på nokon måte var sakleg grunnlag for oppseiinga, og har fått si oppreising gjennom det.