Hopp til innhold

Helsedirektør vil ha færre sjukehus

Helsedirektør Bjørn-Inge Larsen vil ha færre sjukehus her i landet.

Nordfjord Sjukehus

VIL LEGGE NED: Også Helsedirektoratet vil legge ned mange av lokalsjukeshusa i landet. Her er nedleggingstruga Nordfjord sjukehus.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Helsedirektoratet har i dag levert ei høyringsuttaling om sjukehusstruktur til regjeringa.

Larsen seier at det ikkje er grunnlag for å oppretthalde alle sykehusa framover.

Dette seier Bjørn-Inge Larsen om lokalsjukehusa:

Ikkje økonomisk forsvarleg

– Det er verken nok folk eller oppgåver til at vi kan behalde alle sjukehusa slik dei er i dag. Det er heller ikkje fornuftig økonomisk ressursforvaltning, seier Larsen.

Direktoratet ønskjer at meir av tilbodet i helsetenesta skal skje nært folk, anten gjennom kommunane si primærhelseteneste eller ved at spesialistar tilbyr tenester nærmare der folk bur.

– Nokre av lokalsjukehusa er det ikkje grunnlag for å ha, seier Larsen.

(Artikkelen held fram under bilete)

Helsedirektør Bjørn-Inge Larsen

Helsedirektør Bjørn Inge Larsen

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

– Betre tilbod på store sjukehus

Larsen meiner nokre pasientgrupper får eit mykje betre tilbod ved dei store sjukehusa, for der kan ein drive ein mykje meir avansert form for medisin.

– Det er viktig å sende pasientane til dei sentraliserte sjukehusa der det er spesialiserte miljø. Andre ting kan kommunane ta seg av i form av lokalmedisinske senter, seier Larsen.

– Så det skal ikkje skje like mykje ved lokalsjukehusa som det gjør i dag?

– Nei, det skal ikkje skje like mykje på lokalsjukehusa som i dag. Færre sjukehus gir eit betre tilbod til folket. Vi vil at spesialistane på dei store sjukehusa skal reise rundt til dei lokalmedisinske sentera, svarar Larsen.