Hopp til innhold

Helse Vest vil gå gjennom rutinar etter trippeldrapet

Helse Vest vil gå gjennom rutinane på alle sine AMK-sentralar etter trippeldrapet på Valdresekspressen.

Kripos på åstaden ved Holsbruvatnet

DREPNE: Tre personar vart drepne på Valdresekspressen i 2013.

Foto: Christian Blom

Helse Vest vil no gå gjennom rutinane på alle sine AMK sentralar. Det seier administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilssen.

Bakgrunnen er TV-innslaget i Dagsrevyen torsdag om manglande trippelvarsling i samband med drapa på Valdresekspressen i Årdal i 2013.

Ei 19 år gammal jente og to menn i 50-åra vart drepne med kniv på Valdresekspressen. Ein asylsøkjar i 30-åra vart sikta for drapa. Mannen døydde 10. september i fjor etter å ha hoppa frå eit tak i fengselet.

Burde ha varsla umiddelbart

– Slik som dette var presentert på TV så såg det ikkje greitt ut. Vi burde nok ha varsla umiddelbart, seier Nilssen.

I same innslag opplyser DSB at det skjer feil ved trippelvarsling kvar einaste veke i Norge.

Herlof Nilssen

RUTINAR: Administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilssen, seier dei vil gå gjennom rutinane ved alle AMK-sentralane sine.

Foto: Helse Vest

– Det er ein ny opplysning for meg. Viss det er rett, så er det klart at det er for mykje. Viss det har eit slikt omfang, kan vi ikkje leve med det. I kjølvatnet av dette må vi aksjonere for å sikre at dette kjem inn på annan måte, og at det vert sikra ein god, vidare varsling, seier Nilssen.

Må sikre naudsynt opplæring

– Kva har ein lært av denne hendinga i Helse Vest?

– Vi har eit bilete av at AMK stort sett leverer svært godt. Dei er raske og profesjonelle. Men når vi heilt konkret ser at vi ikkje klarar å vidareføre varslinga, så er det uheldig. Ei slik hending er ei for mykje, seier Nilssen.

– Kva endringar ser du for deg?

– I første runde må vi vere sikre på at rutinane er i tråd med det som det skal vere. Så må vi sikre at vårt personell er kjent med rutinane, og at det vert gitt naudsynt opplæring slik at vi klarar å reagere når ulykka skjer, seier Nilssen.

Laster innhold, vennligst vent..