NRK Meny
Normal

Helse Vest støtta ortopedikutt

Vedtaket om å kutte kraftig i ortopeditilbodet ved Lærdal Sjukehus blir ståande.

Det er klart etter at styret i Helse Vest onsdag med seks mot to stemmer gjekk inn for kutta styret i Helse Førde alt har vedteke.

 

Informasjonsdirektør Bjørg Sandal
Foto: NRK

Informasjonsdirektør i Helse Vest, Bjørg Sandal, seier fleirtalet i styret meiner indresogningane får eit godt nok tilbod etter kutta. 

 - Det oropeditilbodet som blir igjen i Lærdal, det vil kunne betjene mykje av det behovet som er i den regionen som soknar til Lærdal, seier Sandal. Ho syner elles til at for dei andre behova har gode tilbod ved Sentralsjukehuset og på Nordfjordeid.

Vil ha møte med statsministeren

Aksjonistane i Lærdal har sagt at dei krev eit møte med statsministeren om kutta i Lærdal blir sette ut i livet.  No er er kutta ein realitet og det gjer ikkje lærdalsordførar Knut O Aarethun mildare stemt.

Knut O. Aarethun
Foto: NRK

- Her har det gått prestisje i å forsvare det vedtaket som Helse Førde har gjort, trass i at ein no har fått andre tal på bordet enn det som låg til grunn då styret i Helse Førde gjorde sitt vedtak.

Men, seier Aarethun, dette viser at andre kan overprøve styret, og det må vi no prøve å  få gjort i kontakt med dei styrande i Oslo..

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.