Hopp til innhold

Vil ha mindre byråkrati og meir lokalpolitisk makt over sjukehusa

Får Senterpartiet det som dei vil kan Helse Vest og dei andre regionale helseføretaka i framtida bli historie. I staden skal sjukehusa i Norge styrast av 20 lokale helseføretak.

Kjersti Toppe på Sp sitt landsmøte

NØGD: Kjersti Toppe er godt nøgd med at ein har fått med seg landsmøte på å gå inn for å skrote dagens modell med fire reigonale helseføretak.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Den såkalla føretaksmodellen i helse-Norge går i dag ut på at alle sjukehusa blir styrte av fire regionale helseføretak. Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland er ein del av Helse Vest og det er dei som har styringa.

Men slik vil ikkje Senterpartiet ha det lenger. Søndag gjekk den inn for å fjerne føretaksmodellen, og i staden desentralisere styringa. Dei vil ha meir lokalpolitisk makt over sjukehusa.

Ei av dei som har kjempa hardt for å få dette til er stortingspolitikar Kjersti Toppe frå Hordaland Sp.

– Dette er eg veldig nøgd med. Får vi dette gjennom blir det ei god utvikling i styringa av sjukehusa, seier Toppe til NRK.no.

- Vi vil flytte makta frå byråkratane i dei regionale helseføretaka til Stortinget, og til fylkestinga lokalt som skal ha fleirtalet av medlemmene i dei styra som blir Helse Førde, Helse Bergen og så vidare.

Meiner det er for mykje byråkrati

Sterke krefter i Senterpartiet har lenge jobba for å få partiet til å gå for dette. Det blir vist til at sjukehus-Norge er prega av at det er byråkratar som bestemmer, byråkratar som tenkjer butikk framfor helse.

Ifølgje Sp sitt stortingsprogram vil dei no «oppløse den regionale foretaksmodellen og beholde statlig eierskap, men demokratisere og desentralisere styringa».

– Vi har alltid vore imot føretaksmodellen. Den baserer seg på ein marknadstankegang i helsevesenet, og vi meiner det har ført til meir byråkrati.

– Og ikkje minst har det ført til at politikarane ikkje har fått styringa på utviklinga av spesialisthelsetenesta, seier Toppe til NRK.no.

Dei regionale sjukehusstyra skal ha fleirtalet av medlemmane som er oppnevnt av fylkestinget.

På denne måten vil ein sikre politisk demokratisk forankring og styring innanfor dei nasjonale rammer som Stortinget vedtar i Nasjonal sjukehusplan og dei årlege budsjetta.

På sikt skal ansvaret for ansvaret for sjukehusa overføres til regionalt folkevalgt eierskap.

Frå resolusjonen som vart vedteken på Sp sitt landsmøte

– Meir makt til dei lokale helseføretaka

Toppe seier det dei vil jobbe for er at dei lokale helseføretaka, mellom dei Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna og Helse Stavangar, skal bestå.

– Dei skal få meir makt og meir styringsansvar.

– Ein skal vedta ein nasjonal sjukehusplan på Stortinget slik at ein får mykje meir styring på korleis tilbodet skal vere på dei ulike plassane, seier Toppe til NRK.no.

Ho meiner det er heilt tydeleg at ein ikkje treng alt byråkratiet som ho meiner dagens styringsmodell inneber, og vil heller leggje makta nærare folket.

– Vi vil gje makta til dei folkevalde, og det skal vere stortingspolitikarane som skal leggje føringar for sjukehustilbodet, seier ho.

– Sjukehus har alltid vore viktig for Senterpartiet og dette må vere eit viktig krav i arbeidet med ei ny regjeringsplattform, seier Toppe.