NRK Meny
Normal

Helse Førde: – Fryktar ikkje følgjene av nattestengde flyplassar

Nattberedskapen for å ta i mot ambulansefly blir kutta ved flyplassane i Førde, Sogndal og Sandane. Helse Førde meiner likevel at beredskapen blir god nok.

Ambulanse

FØRDE LUFTHAMN: Ambulansefly og ambulansebil møtes på Førde lufthamn Bringeland. Arkivfoto.

Foto: Torje Bjellaas

– Ambulanseflybruken for Helse Førde utanom flyplassane sine opningstider er svært låg. Vi har jobba for å sikre at vi har ein flyplass i fylket som er ein kanal ut frå Sogn og Fjordane, seier klinikkdirektør Helge Robert Midtbø i Helse Førde.

Flyplassen han viser til, som skal sikre beredskapen, blir Florø lufthamn.

– Reint praktisk meiner vi at det vi har fått til, med ein flyplass, er tilstrekkeleg.

14 flyplassar råka

Helge Robert Midtbø utanfor NRK-huset i Førde

LITE BRUKT: Klinikkdirektør Helge Robert Midtbø i Helse Førde seier nattflygingar er sjeldan kost for helseføretaket.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Avinor skal spare 15 millionar kroner og endrar ambulansefly-beredskapen ved 14 norske lufthamner. Ti av desse vil stå utan nattberedskap, deriblant tre av fire flyplassar i Sogn og Fjordane.

– Ved enkelte av desse lufthamnene har det vore lite aktivitet, opplyser Gurli Høeg Ulverud, kommunikasjonssjef i Avinor

Nærleik til Sea King

Midtbø ser klare fordelar med Florø, sjølv om Førde lufthamn ligg nærmare sentralsjukehuset.

– Mykje av ambulansefly-bruken er knytt til sentralsjukehuset. Nærleiken til sentralsjukehuset er viktig, og då er det Florø og Førde som er dei nærmaste. I Florø har ein også redningshelikopter, og ein har då ein beredskap utover det at ein kan ta ned eit ambulansefly.

Midtbø viser til at Sea King-en i Florø kan fly i nær all slags vær, og strekar under at Avinor sine kutt i flyplassberedskapen på ingen måte rører korkje ved luftambulansen i Førde sin beredskap, eller redningshelikoptertenesta til 330 Skvadronen i Florø.

– Vi har ein god kapasitet på å få ut pasientar med helikopter. Det er det viktigaste. Dette er fly som blir brukt utover desse helikoptera, seier klinikkdirektøren.

330-skvadronen i Florø

BINDELEDD: Helse Førde vurderer redningshelikopteret i Florø som eit viktig beredskapsledd mellom Førde sentralsjukehus og den døgnbemanna flyplassen i Florø, i tillegg til luftambulansen i Førde.

Foto: Simon Solheim / Forsvaret

Donor-team og kuvøser

I dag er det Førde lufthamn som oftast blir nytta. Flyplassen har ordinær opningstid frå fem-seks om morgonen til midnatt.

– Desse flya blir brukt til å fly inn donorteam og frakte ut donorobjekt, og dei blir nytta av kuvøseteam. På dagtid når flyplassane er opne er det ein viss transport av pasientar, til dømes hjartepasientar frå Oslo.

– Vil beredskapen bli svekka?

– Reint praktisk trur eg ikkje det blir noko endring. Teoretisk sett er det greitt å ha mange flyplassar, men i praktisk bruk har vi sjeldan nytta ambulansefly utanfor opningstidene til flyplassane, seier Midtbø i Helse Førde.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.