Helse Førde vil kutte 50 årsverk

Talet på tilsette i Helse Førde må ned dersom føretaket skal nå målet sitt om å kutte lønskostnadene med over 30 millionar kroner.

Førde Sentralsjukehus

FÆRRE ÅRSVERK: Lønskostnadene i Helse Førde må ned i åra framover.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

I framlegget til langtidsbudsjett har Helse Førde som mål å få ned lønskostnadene til fast tilsette med 30 millionar kroner innan 2021. I tillegg skal utgiftene til overtid og ekstrahjelp ned med fire millionar.

Økonomidirektør Halfdan Brandtzæg seier dette utgjer rundt 50 årsverk, og at målet er å kome ned att mot talet dei hadde for to år sidan.

Halfdan Brandtzæg

HÅPAR PÅ IKT-INNSPARING: Økonomidirektør Halfdan Brandtzæg i Helse Førde.

Foto: Helse Førde

– Sidan første kvartal 2014 har Helse Førde hatt ein auke i tal arbeidstimar tilsvarande 75 årsverk.

Denne auken har ikkje vore planlagt eller budsjettert, det er summen av ein time her og ein time der og eitt og anna vikariat, og dette må Helse Førde no gå gjennom, seier økonomidirektøren.

Nybygg gir auka utgifter

Dei siste åra har Helse Førde gått med overskot, og økonomidirektør Halfdan Brandtzæg reknar med at dei også i år skal gå i pluss. Men dei store investeringane i nybygg gjer at føretaket om fire år må betale åtte millionar meir i året i renter og avdrag.

Ei rekkje tiltak innan IKT er i gang i Helse Førde, og økonomidirektøren håpar at dette kan gjere at dei på lengre sikt sparer pengar.

– Vi har ei forventning om at desse IKT-tiltaka skal gi ein effektiviseringsgevinst. Det eine er at vi trur at vi kan behandle fleire pasientar med same bruk av personell. Det andre er å bruke mindre tid, slik at vi får ned lønskostnadene. Vi reknar med å få det til, men heilt korleis det skal gjerast må vise seg framover.

Wenche Røkenes

– MÅ IKKJE GÅ UT OVER PASIENTANE: Wenche Røkenes er føretakstillitsvald for Norsk Sykepleierforbund i Helse Førde.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Pasientane må vere i fokus

Wenche Røkenes er føretakstillitsvald for sjukepleiarane i Helse Førde. Ho har ikkje fått studert framlegget til langtidsbudsjett inngåande enno, men seier at innsparingane ikkje må gå ut over pasientane.

– Pasientane og deira behov må iallfall vere i fokus. Dei har samansette behov og ynskje, dei kan ikkje fiksast som ein maskin. Dei har krav på merksemd. Det er tidkrevjande, og det gjer at det må vere eit minimum av personell rundt dei til ei kvar tid.

Ho ser likevel føre seg at ny teknologi kan gjere at det trengst færre tilsette til visse arbeidsoppgåver.

– Ein del som i dag blir gjort manuelt kan sikkert automatiserast. Det er mange andre måtar å spare pengar på. I staden for å leige inn dyre byrå og ha mange vikarar og overtid, kan ein auke grunnbemanninga.

Styret i Helse Førde skal ta stilling til langtidsbudsjettet komande fredag.