Hopp til innhold

Helse Førde tek sjølvkritikk

Sjukepleiaren som vart henta inn frå ei anna avdeling for å hjelpe til med sårstell, fekk ikkje nok informasjon. Dette fekk alvorlege konsekvensar for ein pasient ved Førde sentralsjukehus. Såra på pasienten måtte behandlast på nytt i narkose. No presiserer Helse Førde ansvaret leiarane har for å sikre pasienttryggleiken. Det skriv avisa Firda. Hendinga skjedde ein dag den aktuelle avdelinga hadde sjukefråvære blant dei fast tilsette.