Styret fatta den endelege avgjerda fredag. Delar av den sjuande høgda vert frå 1. mars neste år gjort om til sjukehushotell.
Sparar 2,8 millionar
Pasienthotellet er beregna for pasientar i for- og etterkant av behandling på sjukehuset.
Hotellet vil redusere behovet for ordinære sjukehussenger med 12, og skal gje ei årleg innsparing på 2,8 millionar kroner for Helse Førde.