Hopp til innhold

Helse Førde sa opp kvinne - retten meiner det er ugyldig

Helse Førde si oppseiing av ei kvinne i 60-åra er ugyldig. Helse Førde sa opp kvinna då avdelinga der ho jobba vart lagt ned.

Fjordane tingrett
Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Då Helse Førde la ned avdelinga vart det oppretta eit omstillingsutval. Kvinna i 60-åra hadde jobba i 85 prosent fast stilling, men fekk etter omstillingsutvalet sitt arbeid tilbod om 15 prosent helgestilling.

Dette godtok ho ikkje, og kravde forhandlingar og varsla søksmål. Hennar krav var å behalde stillinga.

Det vart halde mange møter i omstillingsutvalet. Etter forhandlingar auka Helse Førde tilbodet til kvinna til ei stilling på 28,6 prosent.

Gjekk til sak

Dette godtok ikkje kvinna, og ved hjelp av Fagforbundet gjekk ho til sak.

Ho kravde at retten skulle seie at oppseiinga er ugyldig, at Helse Førde skulle betale ho ei erstatning og kostnadane ho hadde med rettssaka.

Helse Førde på si side kravde frifinning, og at kvinna skulle betale Helse Førde sine sakskostnadar.

Oppseiinga er ugyldig

Retten har funne saka vanskeleg, og delte seg i spørsmålet om oppseiinga var sakleg eller ikkje.

Fleirtalet, retten sin leiar og ein meddommar, meinte at det ikkje var nødvendig for Helse Førde, som har 2300 tilsette, å sei opp 56 prosent av kvinna si stilling. Difor er retten kome fram til at oppseiinga er ugyldig.

– Vi har motteke dommen for kort tid sidan. No må vi gå gjennom dommen, og vurderer ein anke, seier Torkel Tveit, Helse Førde sin advokat.

Kvinna har ikkje lidd økonomiske tap, skriv retten. Ho har stått i stillinga si under heile forhandlings- og rettsprosessen, men kravde erstatning for ikkje-økonomiske tap.

Retten meiner Helse Førde gjennomførte ein ryddig prosess i ein krevjande situasjon. Difor må ikkje helseføretaket betale kvinna erstatning.

På grunn av sakstypen og dommen, har kvinna i utgangspunktet krav på full erstatning. Men retten meiner saka har vore tvilsam, og at Helse Førde hadde god grunn til å få prøve saka. Dette er tungtvegande nok for retten til å frita Helse Førde erstatninga, og kvar part må dekke sine kostnadar.