Helse Førde på naudnettet

Helse Førde tok i føremiddag i bruk det nye naudnettet i Sogn og Fjordane. Naudnettet er eit nytt, digitalt samband for politi, brannvesen, helseteneste og andre viktige samfunnsfunksjonar. Naudnettet vert eit lukka system der politi, helse og brann kan kommunisere. Politiet tok i bruk naudnettet alt i vår. Brannvesenet skal over på det nye naudnettet i første halvdel av november.