Hopp til innhold

Helse Førde og rådmennene samde

Rådmennene i Nordfjord og Helse Førde er samde om ein felles søknad om midlar til eit interkommunalt psykiatriarbeid i Nordfjord.

Etter lang tids strid, kom partane til semje etter at Helse Førde kalla inn til eit hastemøte onsdag.

Søknaden gjeld 734 000 kroner til eit interkommunalt psykiatriarbeid i Nordfjord.

Fekk ny frist

Feiden starta då direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, justerte søknaden frå rådmennene utan at desse gav samtykke til det . Bolstad hevdar det var gjort fleire forsøk på å samtykke frå rådmennene .

LES OGSÅ: - Bolstad må vise seg som ein mann

Søknaden vart sendt Helsedirektoratet, men då bråket byrja trekte Helse Førde søknaden. Helsedirektoratet gav ny frist til torsdag for å sende ein ny søknad.

- Ein nordfjordsøknad

Tysdag gjorde rådmennene det klart at dei ikkje blir med på noko felles søknad med Helse Førde.

- Den opprinnelege søknaden som er signert rådmannen, er den som tener saka best frå vår side. Det er slik vi ynskjer prosjektet gjennomført og organisert. Det går på at søknaden er ein Nordfjordsøknad, medan Bolstad sin søknad er ein søknad frå Sogn og Fjordane, sa rådmann i Eid, Ivar Viddal.

Partane har likevel kome til semje. Det er førebels uklart om rådmennene framleis vurderer å politimelde Bolstad for dokumentfalsk .

Saka blir oppdatert.