Hopp til innhold

Helse Førde kuttar i eldretilbodet

Helse Førde gjer det vanskeleg for dei eldre når dei vil kutte geriatriteamet meiner pensjonistlaget i fylket.

Eldre på sykehjem

Helse Førde gjer det vanskeleg for dei eldre meiner pensjonistlaget.

Foto: Colourbox.no

På informasjonsmøte om saldert budsjett for Helse Førde i går vart det lagt fram forslag om å kutte det nyoppretta geriatriteamet som er spesialistar på sjukdomar hos eldre.

Med slike kutt gjer Helse Førde det vanskeleg for dei eldre, meiner leiar for Sogn og Fjordane pensjonistlag, Gerd Johanne Brekke.

- Med det aukande talet på eldre så må dette vere eit naudsynt tilbod til innbyggjarane i Sogn og Fjordane, seier Brekke.

Kutt i geriatritilbodet er berre eitt av fleire kutt i Helse Førde sitt salderte budsjett der helseføretaket må spare 100 millionar. Mellom anna er det varsla kutt i ambulansetenesta , noko fleire har sagt kan setje legevaktsamarbeidet i fare .

Legg ned etter eit års drift

Geriatritilbodet kom i gang våren 2008, men vert no foreslått kutta.

- Av økonomiske grunnar foreslår vi no å avvikle tilbodet etter eit års drift, seier klinikkdirektør for medisinsk avdeling Arve Varden.

Geriatriteamet har hjelpt eldre pasientar som har hatt eit samansett sjukdomsbilde. Helse Førde har hatt problem med å finne ein geriatar, men i fjor haust fekk Sogn og Fjordane for første gong ein eigen spesialist på eldre sine sjukdomar. Geriataren vart ikkje fast tilsett, men har vore på sentralsjukehuset i periodar på to veker om gongen sidan september.

Men når Helse Førde no måtte lage eit nytt budsjett med innsparingar på 100 millionar kroner, fell geriatriteamet bort.

- Det er eit tap for livskvaliteten til dei eldre, som kunne hatt det så mykje betre. Dette er på ein måte å nullstille tilbodet til mange eldre, seier Brekke i pensjonistlaget.

Forsvarleg

Men administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad forsvarar kuttforslaget.

- Sett opp mot mange andre tilbod så vel vi no å foreslå å utsette dette. Det er beklageleg, men ikkje uforsvarleg å gjere det, seier Bolstad.

Avgjerd fredag

Styret i Helse Førde skal vedta budsjettet på fredag. Og Brekke har ei instendig bøn om at styret då vel å gå i mot forslaget frå administrasjonen.

- På vegne av alle dei eldre i Sogn og Fjordane vil eg oppmode Helse Førde om å tenkje seg om ein gang til. Skal dei verkeleg la oss vere ein post dei vil kutte fordi dei har dårleg råd?