NRK Meny
Normal

Helse Førde kuttar hardt i BUP

Styret i Helse Førde har vedteke å kutte nær 4,5 millionar kroner i Barne og Ungdomspsykiatrien til neste år.

Styremøte i Helse Førde

LEGG NED: Eit samrøystes styre i Helse Førde vedtok torsdag å kutte 4,5 millionar kroner i budsjettet til Barne- og Ungdomspsykiatrien.

Foto: Bård Siem / NRK

Det skjedde samrøystes under handsaminga av neste års budsjett under dagens styremøte.

Helse Førde vil spare 3,2 millionar kroner på å leggje ned Familiehuset, som i mange år har vore eit viktig låterskeltilbod til familiar i fylket. I tillegg vedtok styret å kutte ytterlegare 1,2 millionar kroner frå BUP.

– Eg er svært skuffa. Desse kutta vil råke barn og unge hardt, seier Astrid Gytri i landsforeininga for pårørande innan psykisk helsevern.

Fleire uro for at psykiatrien blir nedprioritert i Helse Førde etter Helse Førde ville opprinneleg kutte 5,1 millionar kroner i det alt knappe budsjettet.

Forsvarer kutta

Det økonomiske bakteppet er lite lystig for styremedlemmene i Helse Førde. Det reelle underskotet i år går mot 85 millionar kroner. Innan 2013 må helseføretaket effektivisere drifta med omlag 50 millionar.

–Eg er jo klar over korleis bruken av familiehuset har vore. Det var jo ganske stort ein periode. Så viser det seg at deler av fylket løyser desse oppgåvene på ein heilt anna måte, seier nestleiar i styret, Jorunn Ringstad.

Styremedlem Knut Schønberg er samd med Ringstad, og meiner barne- og ungdomspsykiatrien må tåle kutt.

–Av og til må vi gjere vanskelege vurderingar.

Styremøte Helse Førde
Foto: Bård Siem

Velsignar nedskjæringar

Trude Brosvik, som no er styremedlem, har i si tid som fylkesleiar i Kristeleg Folkeparti fleire gonger uttalt at regjeringa og Helse Førde må prioritere barne- og ungdomspsykiatrien høgre.

–For meg er dette framleis ei viktig satsingssak. Når det fagleg blir sagt at det er andre behandlingsmetodar, vi er godt nok oppdekka, vi har over den prosenten som er snittet, då kan eg ikkje overprøve det.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser