Helse Førde har ikkje lærlingplassar til helsefagelevane

FØRDE (NRK): Talet på ungdomar som søkjer helsefag på vidaregåande aukar, men Helse Førde har ikkje lærlingplass til dei.

Elevar frå helse- og oppvekstfaget på Mo og Øyrane vidaregåande skule har pause i kantina

DESSE FÅR IKKJE LÆREPLASS: Ane (t.v, grøn genser), Eline, Sofie, og Silje er elevar ved Helse- og oppvekstfag. Dei får ikkje praksis eller læreplass på sjukehuset, men vil gjerne ha moglegheita.

Foto: Bente Kjøllesdal / NRK

Ungdom i heile landet har bestemt seg for kva dei skal studere på vidaregåande. Straumen mot helsefagarbeidarfaget lovar bra for den komande eldrebølgja, men i Sogn og Fjordane er det ikkje nok lærlingplassar til dei alle. Helse Førde har i dag null formelle lærlingplassar til helsefagelevar.

Det står ikkje på viljen hjå elevane. På helse- og oppvekstfag hjå Mo og Øyrane vidaregåande skule synest elevane det er trasig at dei ikkje kan ha praksis eller lærlingtid hjå Førde Sentralsjukehus.

– Det vore kjekt å sett litt av mogelegheitene og å jobbe på sjukehus. Det hadde vore noko eg i alle fall hadde vore veldig interessert i, seier Eline Hetle Hjelle som går første året på helse- og oppvekstfag.

Eline Hetle Hjelle i kantina på Mo og Øyrane Vidaregåande skule
Foto: Bente Kjøllesdal / NRK

Helse Førde må kome etter

For å imøtekome søkjarane og behovet som er i kommunane, vil fagopplæringsnemnda tilrå å auke talet klassar. Fungerande leiar Nils P. Støyva håper at også talet på lærlingplassar kan stige. Men då må Helse Førde bidra.

Nils P. Støyva

EI UTFORDRING: Det som er utfordrande er at vi må få opp tal læringsplassar i fylket når det er så gode søketal, seier Støyva.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Innan helsearbeidarfaget har vi ikkje fått til eit samarbeid. Her burde Helse Førde kome etter. Helse Bergen har veldig mange helsefagarbeidarar eller lærlingar, det same har Helse Fonna og Helse Stavanger, men ikkje Helse Førde. Her har dei som sit i leiinga ei utfordring.

Har forbetringspotensial

For eitt år sidan vurderte Helse Førde å ta inn lærlingar i helsefagarbeidarfaget. Men arbeidet stoppa den gong opp. Som einaste helseføretak i vest som ikkje tek inn helsefaglærlingar, vedgår fagdirektør Kristine Brix Longfellow at dei har forbetringspotensial.

– Det har vore ein tendens i samfunnet og i arbeidslivet til at vi vil ha dei best utdanna folka til å gjere ting for oss. Difor har vi satsa på fleire og fleire sjukepleiarar i Helse Førde, men vi ser at framtida stiller så store krav til oss at vi kanskje må tenke annleis.

Kristine Longfellow

LÆREPLASS: Helse Førde har læreplass til ambulansefag og til kokkar, men ikkje til helsefagarbeidarar, seier Longfellow.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Longfellow seier at Helse Førde jobbar med saka. Dei har skrive ein rapport der dei har diskutert situasjonen med utviklingsdirektøren og HR-direktøren, og som også skal presenterast for leiinga.

– Vi har sett på Fonna, Bergen og Stavanger og korleis dei gjer det der. Vi ser at vi må ta tak, seier fagdirektøren.

Longfellow vil derimot ikkje garantere at læreplassane dukkar opp til neste gruppe lærlingar.

– Eg kan ikkje love noko til neste kull. Eg ser jo at dette er eit stort system å få ting på plass i, men vi gjer vårt beste og vi jobbar med saka, seier ho.

Om tilbodet kjem på plass svarar i alle fall elevar på Mo og Øyrane vidaregåande skule samrøystes «ja» til å ha praksis eller læretid hjå Helse Førde.

Elevar frå helse- og oppvekstfaget på Mo og Øyrane vidaregåande skule i kantina.

KLARE TIL DYST: Eline (t.v) og Sofie stiller gladeleg opp for Helse Førde. Om dei får lov.

Foto: Bente Kjøllesdal / NRK