Hopp til innhold

Helse Førde har fått nytt styre

Både leiar Clara Øberg og nestleiar Kjell Opseth held fram i det nye styret i Helse Førde. Helse Vest oppnemnde nytt styre torsdag.

Nye i styret er tidlegare stortingsrepresentant Jorunn Ringstad frå Askvoll og Venstre-politikar Siv Langøen Rotevatn frå Eid.

Clara Øberg
Foto: NRK

Mykje dei same

Utanom Øberg og Opseth vert følgjande med frå det gamle styret: Reidun K. Halland (rådmann i Gulen), Helge Bryne (viseadministrerande direktør i Helse Vest), Anne June Iversen (tilsettrep.), Arthur Norevik (tilsettrep.), Kjell Nygård (tilsettrep.) og Knut Cotta Schønberg (kommunelege i Luster).

Det nye styret i Helse Førde vart oppnemnd på torsdagens styremøte i Helse Vest. Det nye styret er utvida med eit medlem. Styret er no samansett av ti personar, der fire henta blant politikarar som er føreslegne av kommunane og fylkeskommunane.

- Må tenkje heilskapleg

I utveljinga av styremedlemmer har styret i Helse Vest lagt spesielt vekt på kunnskap, kjønnsbalanse og kandidatane si tilknyting til helseføretaket.

- Vi stiller store krav til styremedlemmene. Dei må blant anna evne å tenkje heilskapleg, både innanfor eige helseføretak og i eit regionalt og nasjonalt perspektiv, seier styreleiar i Helse Vest, Oddvard Nilsen.

Aksjonistane: - Trasige greier 

Sjukehusaksjonistar frå Nordfjord og Lærdal er ikkje begeistra for det nye Helse Førde-styret. Nesten alle dei gamle medlemmene er framleis med, og Clara Øberg vert sitjande som styreleiar. Det kommenterer leiar i aksjonskomiteen for Nordfjord sjukehus, Knut Leirgulen, slik:

 - Det synest eg er trasige greier, vi hadde håpa at ho hadde blitt skifta ut no. Vi ville heller hatt nokon som har engasjert seg for lokalsjukehusa og som ville jobbe for fullverdige tilbod der.

- Hadde venta meir utskifting

Og det er ikkje berre sjukehusaksjonistane i Nordfjord som reagerer på at det er så få nye namn i styret.

- Det var lite utskifting, og det var litt overraskande. Sidan det har vore så mykje turbulens kring Helse Førde, kunne vi kanskje ha venta at Helse Vest hadde nytta høvet til å friske opp litt meir og skifta ut ein av dei som har site veldig lenge og vore utsett for ein viss slitasje. Det seier leiar i aksjonsgruppa Forsvar Lærdal Sjukehus, Bente Øien Hauge.

Men trass misnøya med styrevalet, vil ho ikkje namngi dei medlemmene ho meiner styret kunne klart seg utan.

- Vil ha meir usemje

I staden har ho ei bøn til styremedlemmene i Helse Førde:

- Eg ynskjer fleire relle meiningsbrytingar, meir rom for ærleg og redeleg usemje om ting. Dei bør stille fleire kritiske spørsmål til administrasjonen, og så bør dei ha litt lengre tankehorisontar enn akkurat årets budsjett. Eg får berre gratulere dei nye styremedlemmene og håpe at dei kan bidra til litt meir av dette. 

- Registrerer at Helse Vest er nøgd

Etter bråket rundt administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, var det enkelte som meinte at styreleiar Clara Øberg burde ta sin hatt og gå. Ein av desse var tidlegare leiar i Sogn og Fjordane Venstre, Rolf Nesheim. I dag er han ikkje fullt så skarp i kritikken.

- Eg berre registrerer at Helse Vest er nøgd med den jobben ho har gjort og gir ho fornya tillit, men eg meiner framleis at det beste hadde vore å skifte ut styret. 

 - Øberg er rette dama

Men Clara Øberg har full støtte hjå Helse Vest. Styreleiar Oddvard Nilsen er ikkje i tvil om at ho er rette dama for jobben.

-  I den korte tida ho har vore styreleiar har ho gjort ein utmerka jobb, ho har vore tydeleg og klar i leiarprofilen sin, så eg ser ingen grunn til å gjere endringar, seier Nilsen.