Hopp til innhold

Fylkeslegen refsar Helse Førde etter sjølvmord

Ein ung pasient tok sitt eige liv. Både kommunen og Helse Førde får kritikk av fylkeslegen.

Førde sentralsjukehus

REFS: Helse Førde får kritikk for å ha gjeve uforsvarleg helsehjelp til ein ung pasient som enda med å ta sitt eige liv.

Foto: Arne Stubhaug

I fjor vinter tok ein ung pasient i fylket sitt eige liv. Fylkeslegen har granska saka og fredag ettermiddag offentleggjorde dei sine konklusjonar:

Helse Førde gav uforsvarleg helsehjelp. Kommunen som pasienten budde i hadde ikkje god nok rutinar.

– Dette er ei tragisk sak. Der ein ung og sårbar pasient tok livet sitt. Dei pårørande bad oss om å sjå på omstenda rundt dette, etter å fyrst ha kontakta pasientombodet, seier fylkeslege Per Stensland til NRK.

Uforsvarleg helsehjelp

– Vi har konkludert med at Helse Førde i denne saka har handla uforsvarleg. Dei har ikkje følgt rutinane med tilbakemelding til primærhelsetenesta.

Per Stensland

KRITISK: Fylkeslege Per Stensland har brukt eit halvt år på å granske saka. Han er kritisk til både kommunen og Helse Førde.

Foto: Arne Stubhaug

Helse Førde hadde ikkje varsla om at behandlingsløpet var sett i gong, heller ikkje om at pasienten ikkje møte opp til behandling. Dei sende ikkje epikrise til kommunen, og dermed var det umogleg for kommunen å vite at pasienten ikkje hadde noko behandlingsopplegg.

Men også kommunen får kritikk av fylkeslegen.

– Dette var ein sårbar pasient som søkte om hjelp. I ein slik situasjon forventar vi at kommunen legg opp eit lokalt behandlingsapparat for pasienten.

– Kommunen sette i gong eit internt samarbeid, men hjelpa pasienten fekk var ikkje i tråd med god praksis. Vi konkluderer ikkje med at det var uforsvarleg, men meiner det kunne vore betre.

Forbetring

No har fylkeslegen bede både Helse Førde og kommunen om å gå gjennom og forbetre rutinane sine, og å melde tilbake kva som er gjort.

– Helse Førde må gå gjennom sine rutinar, og sjå korleis det svikta denne gongen. Og tette holet slik at det ikkje skjer igjen, seier Per Stensland.

Dersom ein pasient tek livet sitt på ein helseinstitusjon blir saka nærmast automatisk granska. I dette tilfellet var det dei pårørande som varsla om saka.

Helse Førde: – Svært beklageleg

NRK har vore i kontakt med rådmannen i den aktuelle kommunen, som seier dei ikkje er i stand til å svare på spørsmål i saka fredag kveld. Dei vil kome tilbake til saka over helga.

NRK har også vore i kontakt med konstituert direktør Svein Ove Alisøy for psykisk helsevern i Helse Førde.

– Det er svært beklageleg det som har skjedd. Vi tek til etterretning det fylkeslegen seier.

Ut over det er ikkje han i stand til å kommentere saka i kveld. Han vil også kome tilbake til den over helga.