Hopp til innhold

Helse Førde er lei av å bli kritisert i media

Helse Førde er lei av at ulike aktørar går ut med oppsamla kritikk av helseføretaket i media.

Førde sentralsjukehus

KRITIKK: Helse Førde vil heller ta kritikken fortløpande og internt, framfor å få den oppsamla gjennom media.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Helseføretaket fekk mellom anna kritikk for sein varsling i samband med drapa på Valdresekspressen.

Kritikken blir ofte unyansert og urettvis, seier Jan Petter Sæbø, beredskapssjef i Helse Førde.

– Når vi har hendingar, så trur eg det er viktig at dei ulike etatane gir tilbakemelding til kvarandre og er tydelege dersom det er ting ein ikkje er nøgde med. At ein tek det fortløpande og ikkje kjem med ein oppsamla og generell kritikk etter nokre hendingar som vi har hatt, seier Sæbø.

Har fått kritikk

Jan Petter Sæbø

LEI: Beredskapssjef Jan Petter Sæbø.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Beredskapssjefen uttrykte sin misnøye under ein beredskapskonferanse i regi av fylkesmannen sist onsdag.

Helseføretaket har vore kritisert i media for sein varsling av andre naudetatar når det skjer store ulukker.

Sæbø utdjupa overfor NRK og viste mellom anna til eit utspel i avisa Firda der brannsjef i Førde, Bernhard Øberg, for eit par veker sidan gjekk ut med massiv kritikk av AMK-sentralen.

Bad AMK ta seg saman

Bernhard Øberg

BRANNSJEF: Bernhard Øberg.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Ringer ein 113 kan det ta fleire minutt før dei andre naudetatane får beskjed, sa Øberg til avisa. Han påpeika at sein varsling ikkje er uvanleg.

Vidare bad han AMK-sentralen i Helse Førde om å ta seg saman og viste til at det kan verke som at det er noko som sit i veggane der oppe om at ambulansen skal ha eit føremon framfor dei andre naudetatane.

«Skjer ofte»

Sæbø meiner denne forma for kritikk både er unyansert og urettvis.

– Det er alltid nokon som meiner at når vi eventuelt har gjort ein feil, eller at det ikkje er gjort slik vi skal gjere, så kjem det at det «skjer ofte av Helse Førde». Då kjenner eg meg ikkje att, seier han.

Øberg seier til NRK at han står inne for det han har sagt til Firda, men vil ikkje kommentere kritikken frå Sæbø.