Men Kapstad beklagar at den faglege usemja i leiinga går ut over pasientane. – Eg forstår godt at pasientane opplever det som vanskeleg og frustrerande at det kjem forskjellig informasjon frå same instans, seier Kapstad.
– Ikkje kunnskapsmangel
Men det er så langt Kapstad er villig til å strekke seg når det gjeld sjølvkritikk. Han vil ikkje vere med på at pengestraumen til denne behandlingsforma har tørka inn på grunn av manglande innsikt å kunskap hjå dei som skulle be departementet om slike løyvingar.
Direktør Leif Kapstad forstår at pasientane er frustrerte.
Utprøvande behandling
Kapstad seier at Helse Vest ser på fedmebehandlinga som ei behandlingsform som er under utprøving. Helsføretaket har difor sendt saka over til det offentlege 'Senteret for medisinsk metodevurdering'. Fyrst når dei har gitt si vurdering, vil Helse Vest eventuelt finne ein måte å finansiere dette tilbodet ved sjukehuset i Førde.
Nils Sletteskog
– Utprøvd og dokumentert
Men på Sentralsjukehuset har Nils Sletteskog, som er leiar for avdelinga som utfører operasjonen, eit heilt anna syn på denne behandlinga. – Dette er ei behandling som har foregått i utlandet i 20 år, og resultata er grundig dokumentert. Å kalle dette utprøvande behandling er meiningslaust, seier Sletteskog.
Sjå elles '- Manglar kunnskap'.