NRK Meny
Normal

Helse Førde byggjer for 142 millionar

Styret i Helse Førde vedtok i dag å bruke 142 millionar kroner på eit nybygg.

Planlagt nybygg Førde sentralsjukehus

SLIK SKAL DET SJÅ UT: Nybygget til 142 millionar kroner er innteikna til venstre.

Foto: Hanne Vie

Den nye bygningen skal reisast ved sida av hovudinngangen, der det i dag er ein brakkerigg med kontor. Det skal bli plass til legevakt, overgrepsmottak og kontor der, kanskje det også blir sengeplassar.

Bygginga skal ta til i januar 2016, og det skal etter planen opnast 1. juli 2017. Administrerande direktør Jon Bolstad seier dei reiser bygget for å imøtekome sårt tiltrengt behov.

– Kommunane har gått saman om å legge interkommunale løysingar til området ved sjukehuset. Difor vil vi i fellesskap reise dette bygget slik at vi får på plass legevaktfunksjonen, akutte døgntilbod og overgrepsmottak. Det er kjekt at vi ser ut til å få dette til no.

Jon Bolstad og Jorunn Ringstad

HAR FÅTT ØKONOMISK ARMSLAG: Amd. dir. Jon Bolstad og styreleiar Jorunn Ringstad i Helse Førde.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Har økonomisk armslag

Helse Førde hadde eit overskot på 17,3 millionar kroner i 2014, og Bolstad seier at dei no har økonomisk armslag til å byggje nytt. Det hadde dei ikkje greidd for berre få år sidan, seier han.

– Det hadde ikkje vore sjanse. Eg byrja i Helse Førde for 11 år sidan, og då hadde vi 195 millionar i minus som resultat. No håpar vi at vi kan greie investeringa utan å ta opp lån.

"Universitetsblokk1" på Førde sentralsjukehus

HER KJEM NYBYGGET: Brakkeriggen til venstre skal erstattast av nybygg som skal stå ferdig i 2017.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Fantastisk jobb

Styreleiar Jorunn Ringstad seier det er viktig for prosjektet at dei kan sette i gang utan å involvere andre instansar i finansieringa.

– Vi må sjølvsagt ha ein avtale med Helse Vest, men elles kan vi ta dette på eigen kjøl. Med dagens økonomi og den økonomistyringa vi har skal vi greie det. Det har vore gjort ein fantastisk jobb både frå dei tilsette og administrasjon og styre som gjer at vi no har effektiv drift.

Men dette er ikkje dei einaste byggeplanane Helse Førde har. I alt er det planar om å investere over ein milliard kroner dei komande ti åra. Mellom anna er det snakk om nybygg både for psykiatri og somatikk i Førde.

– Då må vi inn med større grad av lånemidlar, men etter våre planar meiner eg vi skal greie det og, seier Ringstad. Desse planane skal styret truleg ta stilling til i september i år.

– Kvifor byggje så stort i Førde når det har vore nedbygging av sjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal?

– Det er ikkje rett å seie at vi har bygt ned i Lærdal og på Nordfjordeid, vi har lagt om drifta slik at det blir behandla fleire pasientar på dei to lokalsjukehusa i dag enn tidlegare, fordi vi driv på ein heilt annan og meir effektiv måte, seier styreleiaren.

Ringstad seier at Helse Førde sentraliserer det som dei må sentralisere, og at dei desentraliserer det dei kan desentralisere.

– Ei viktig årsak til denne investeringa er psykiatrien, som ikkje vart tekne inn i planane då sjukehuset vart bygt for mange år sidan. Dei største investeringane skal gå til psykiatribygg.

Førde sentralsjukehus - planar

OM HALVANNA ÅR: Når nybygget står ferdig i juli 2017 skal Førde sentraslsjukehus sjå slik ut.

Foto: Hanne Vie
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.