Departementet er overraska over at eit helseføretak bryt arkivlova sitt hovudprinsipp om å føre journal for både inn- og utgåande post.
Nytt system
Helse Førde har varsla at dei jobbar med eit nytt system som skal syte for at dette kjem i orden. Departementet har gitt beskjed om at helseføretaket ikkje kan vente så lenge, og at dei må få orden på sakene så snart som mogeleg.
Medhald i hemmeleghald
Helsedepartementet gir Helse Førde medhald i å unnta namna til tre av søkjarane til stillinga som administrerande direktør frå offentlegheit. Departementet meiner at forhold som gjeld stillingar dei tre har i dag veg tyngre enn behovet for innsyn.
Det var NRK Sogn og Fjordane som hadde klaga på denne praksisen. I brevet frå departementet går det også fram at fire av søkjarane i utgangspunktet ville halde namna hemmelege, men at Helse Førde kom til at den fjerde ikkje hadde gode nok grunnar til det.
Sentralsjukehusanlegget i Førde. (Foto: Arild Nybø)