Dette kjem fram i ein ny rapport. Ikkje nok med at møta føregår bak lukka dører, men det fins ingen dokumentasjon om kva som har blitt drøfta og bestemt.
Omgår prinsipp
– Vi veit ikkje kva som skjer i desse møta. Det fins ikkje offentlege innkallingar, sakslister eller protokollar. Ei ordning med faste styreseminar der ein tek opp viktige ting som gjeld helseføretaket er ein måte å omgå prinsippet om at mest mogleg skal vere offentleg, seier assisterande generalsekretær Arne Jensen i redaktørforeininga.
Jensen meiner også at desse lukka møta bryt med det Helsedepartementet vedtok i fjor haust.
Helse Bergen får skryt
Helse Bergen praktiserer ei open møteform, og får skryt av redaktørforeininga.