Hopp til innhold

Helse Førde betre enn Helse Vest

Helse Førde er det einaste føretaket i Helse Vest som når målsetningane i opptrappingsplanen for psykisk helse.

Direktør for psykisk helsevern i Helse Førde, Ole Christian Reusch

Direktør for psykisk helsevern i Helse Førde, Ole Christian Reusch

Foto: Oddleif Løset / NRK

Målet er at fem prosent av alle born og unge skal ha eit behandlingstilbod for psykisk helsevern.

- Det er takka vere stor innsats frå fagfolka i dei ulike poliklinikkane våre. Ei anna årsak er eit veldig godt samarbeid med kommunane som gjer at dei rekvisisjonane vi får er barn som treng hjelp. Vi treng ikkje bruke veldig mykje tid på å gå gjennom rekvisisjonane og eventuelt avvise barn og unge til behandling, seier direktør for psykisk helse i Helse Førde, Ole Christian Reusch.

Dårlegast i landet

Men situasjonen er ein heilt annan for Vestlandet sett under eitt. For ein ny SINTEF-rapport viser at kva tilbod som er av psykisk helsevern for born, kjem an på kvar i landet ein bur. For Helse Vest får krass kritikk for å vere dårlegast i landet .

- Dei har langt mindre moglegheit for å slippe til på psykiatrisk poliklinikk enn det ein har andre stadar i landet. Helse Vest prioriterer denne tjenesta lågare enn dei andre regionane, seier forskar Per Bernhard Pedersen.

Berre 3,7 prosent

Helse Vest klarer berre å gje eit tilbod til 3,7 prosent av dei opp til 17 år. Dette er halvparten av det som er tilfelle i Nord-Noreg.

- Nær dobbelt så mange barn og unge får tilbod i det psykiske helsevesenet i Nord Norge, som på Vestlandet, seier Pedersen.

Direktør Reusch trur helseføretaka kan lære av kvarandre for å betre tilbodet til born og unge.

Fordel med desentralisert

- Vi har brukt veldig mykje pengar på å heve kompetanse for våre fagfolk for å kunne behandle mest mogleg effektivt barn og unge, og dette med familieterapi som også er veldig viktig i høve til dei minste, seier han og trur Helse Førde tener på ein desentralisert profil for tilbodet.

Han meiner tilbodet blir meir oversiktleg og gjev moglegheit for tettare og betre samarbeid med kommunane.

Kunne vore betre

Medan Helse Førde når målsetningane sine, skulle Reusch ynskje at dei kunne tilby eit godt tilbod om psykisk helsevern til endå fleire.

- På den andre sida slit vi med rekruttering og det å behalde ferdige spesialistar. Vi bruker mykje ressurser på å tilsette spesielt psykologar og å spesialisere desse. Med spesialistar i alle stillingane vi skulle hatt, så kunne vi gjort det endå betre på statistikkane, seier han.