– Eg helsar alle vindprosjekt velkommen, seier Jan Atle Stang.
Regiondirektøren i Næringslivets Hovedorganisasjon meiner det er ei gladmelding at det no er gitt grønt lys for bygging av nye vindkraftverk i både Flora, Bremanger og Vågsøy. Det største anlegget vil få opp mot 48 vindturbinar.
– Vi har klare føresetnader for å drive med vindkraft, saman med vasskraft. Vind er ein del av Sogn og Fjordane sin grøne energibank, seier Stang til NRK.no.
- LES OGSÅ:
Skuffa turlagsleiar
Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE) gav torsdag konsesjon til Guleslettene kraftverk på grensa mellom Flora og Bremanger, Hinnøy vindkraftverk i Bremanger og Vågsvåg Vindkraftverk i Vågsøy. Samla vil kraftverka ha ein produksjon tilsvarande årsforbruket til 30.000 husstandar.
Nyheita om konsesjonane blei tatt dårleg imot hos leiaren i Sogn og Fjordane Turlag, Marino Ask.
– Det er ikkje nokon god dag for naturen i Sogn og Fjordane, det er det ikkje tvil om. Spesielt for Guleslettene, eitt av dei viktigaste friluftsområda og utfartsområda for Florø by og i randsona til Ålfoten landskapsvernområde. Ein kan ein tenkje seg til kva fylgjer det vil få, sa Ask til NRK.no tidlegare torsdag.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet.)
– Må ofre litt natur for klimaet
Av dei tre prosjekta som no har fått konsesjon er det nettopp det største prosjektet, Guleslettene, lett synleg får Florø sentrum, som har vekt mest kjensler. Likevel har både Flora bystyre og kommunestyret i Bremanger – begge med klart fleirtal – gått inn for vindmølleutbygging, slik no også konsesjonsgjevar NVE gjer.
Skeptikarane har lagt vekt på at eit til no urørt turområde blir bygt ut med både vindturbinar, ny kraftlinje til Svelgen og til saman 40 km vegnett.
Stang i NHO meiner på si side at utbygginga tvert imot kan gjere naturen meir tilgjengeleg.
– Eg brukar å seie at for å redde klimaet, så må vi kanskje ofre litt natur. Eg ser ikkje at det er noko problem. Det viser seg at der ein har bygt ut vindkraft, blir det bygt ein infrastruktur som gjer at folk kan nytte fjell og vidde i langt større grad enn elles. Eg ser ikkje noko som helst problem i høve til det.
Trur på vekstnæring
NHO-direktøren meiner ein må sjå satsinga på vindkraft i ein større samanheng, og trur fylket kan stå overfor ei vekstnæring.
– Her ligg det mykje forsking og utvikling som vi også kan få ein del av ved å utvikle vindkraft. Dette heng også saman med korleis vi kan få bygt skikkeleg infrastruktur til å frakte energien vår ut av landet. Vi har ein situasjon der vi i dag har ein overproduksjon, men vi har eit ansvar for å få gjort noko med klima. Då må vi få avsetning for energien vår, og vind er noko som vi har store fordelar på, meiner Stang.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Glad for avklaring
Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) helsar konsesjonsvedtaket velkommen.
– Vi har venta lenge på ei avgjerd. No ligg forholda til rette for utbyggar, så står att det å sjå kor vidt dette blir bygt ut, seier Bengt Solheim-Olsen (H)
Han viser til at spotprisen for norsk kraft for tida er svært låg. Fleire vindprosjekt har slite med lønsemda og aktørar i bransjen sit no på gjerdet.
Solheim-Olsen reknar med at ei realisering av vindkraftprosjektet på Guleslettene vil kunne gi Flora kommune årlege inntekter på 1–2 millionar kroner, det meste i eigedomsskatt. Det meste av vindparken vil ligge i Bremanger kommune.
Det har ikkje lykkast NRK å få kommentar frå dagleg leiar Olav Rommetveit i Guleslettene Vindkraft AS.