NRK Meny
Normal

Kan vere enklare å byggje ny tunnel enn å oppgradere Gudvangatunnelen

Å oppgradere Gudvangatunnelen til krava som eit EU-direktiv stiller, kan ta opp til eit år. Det kan gi så store konsekvensar for trafikantane, at det vil vere lettare å byggje ein heilt ny tunnel.

Slinde og Gudvangatunnelen

IKKJE LETT: Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde, torer ikkje seie kor lang tid det vil ta å oppgradere Gudvangatunnelen til den standarden EU krev, innan 2019.

Foto: Arne Stubhaug/Monika Blikås/Aurland brannvesen/lesarbilete / NRK

– Når vi skal skifte alt av installasjonar i så lange tunnelar, så blir jo tunnelen stengd i månadsvis, kanskje årevis. Med så vanskelege og kompliserte omkøyringsvegar som det er på Gudvangatunnelen, så er det rett og slett praktisk vanskeleg å gjennomføre oppgraderinga, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde.

Men allereie i april mottok Vegvesenet ei risikoanalyse av Gudvangatunnelen. HOJ Consulting kom med ganske krass konklusjon:

«Uten oppgradering er risikoen i Gudvangatunnelen så høy at den ikke kan aksepteres», skriv HOJ Consulting, ifølgje Teknisk Ukeblad.

Ifølgje bladet beskriv risikoanalysen ei rekkje svakheiter ved tunnelen. Rapporten sleg fast at det er behov for å gjenomføre sikkerheitstiltak, som til dømes nedsett hastigheit, for å oppnå tilstrekkeleg tryggleik straks.

Skal vere gjennomført til 2019

Og då snakkar han ikkje om å reparere Gudvangatunnelen etter skadane som oppstod måndag då ein semitrailer tok fyr inne i Norges nest-lengste tunnel på E16.

Skadane etter sjølve brannen vil truleg ikkje ta så lang tid å reparere. Men det er krav til tryggleiken, som vil ta langt lengre tid å gjennomføre.

Eit EU-direktiv for trafikktryggleik i tunnelar, fører nemleg til at fleire hundre tunnelar i Norge må utbetrast. Den jobben skal vere gjort før 2019.

Store problem i Flenjatunnelen

Vegvesenet gjennomførte ei oppgradering i nabotunnelen Flenjatunnelen på E16 mellom Flåm og Langhuso for nokre år sidan. Dette arbeidet var svært krevjande, sidan det ikkje var gode omkøyringsalternativ.

– Vi hadde eit svare strev med å få avvikla trafikken, og vi hadde mykje klager frå transportørar som fekk lange omvegar, eller som ikkje fekk varene sine fram, seier Slinde.

Han peikar det er eit viktig moment i forhold til kva som er mogleg å få til.

– Er hindringane for trafikantane så store i reparasjonsperioden at det ikkje blir akseptert? Samfunnsøkonomisk så påfører vi trafikantane så store omvegar at det kan svare seg å byggje ein omkøyringstunnel, seier Slinde.

Totalt ti personar har fått alvorlege skadar etter ulykka. Alle desse ligg på Haukeland og Voss sjukehus. Blant dei er to born, ei sju år gammal jente, og ein ti år gammal gut.

Totalt 65 personar er innlagde ved fire ulike sjukehus, resten med lettare skader.
(Artikkelen held fram under biletet)

Utbrent lastebil i Gudvangatunnelen.

STORE SKADAR: Det er lite att av lastebilen som brann i Gudvangatunnelen måndag.

Foto: Brannvesenet

Ferje vil bruke to og ein halv time

For dersom Gudvangatunnelen skulle bli permanent stengd grunna vedlikehald, i opp til eit år, vil det gi enorme omkøyringar for trafikantane.

Anten må ein ta riksveg 7 over Hardangervidda, eller så må ein ta riksveg 13 over Vikafjellet. Den siste er ein veg som ikkje alle stadar er veldig godt dimensjonert for store køyretøy.

Å setje opp ferje på strekninga Gudvangen- Lærdal eller Gudvangen-Kaupanger, er ikkje noko leveleg alternativ.

– Det er så lange ferjestrekningar. Ei omkøyringsferje vil bruke to og ein halv time. Vi vil aldri klare å etablere eit ferjesamband som klarar å handtere den store trafikken som er på sambandet, seier Slinde.

Men dette gjeld ikkje berre Gudvangatunnelen.

– Vi har mange tunnelar som er i tilsvarande situasjon. Vi har også mange tunnelar som er i dårlegare forfatning enn Gudvangatunnelen, seier Slinde.

Mange hundre tunnelar må utbetrast

Fleire hundre tunnelar i Norge må utbetrast for å stette krava i eit EU-direktiv for trafikktryggleik i Norge. Fristen er sett til 2019, og allereie før bilbrannen i Gudvangatunnelen, var det nok å ta fatt i.

– Mykje av det elektriske utstyret i Gudvangatunnelen må skiftast ut. Det må også gjerast ein del anna utbetringsarbeid, som å byggje meir plassar for å snu og setje frå seg havarerte køyretøy, seier Slinde.

Det må også gjerast utbetringar i dreneringssystemet i tunnelen for at det skal kunne ta hand om farleg, flytande gods.

– Det er mange tiltak som må gjennomførast før EU-direktivet er oppfylt. Men sjølv om du gjer alle tiltaka som EU-direktivet tilseier, så vil ikkje det hindre slike hendingar som den som skjedde måndag, seier Slinde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Røyk ut fra Gudvangatunnelen

SVART RØYK: Den kraftige røykutviklinga synte lang veg, og heile Gudvangen var i mange timar prega av ei diger røyksky.

Foto: Leserbilde

Jobbar med å betre dialog med AMK

At naudnettet ikkje fungerte då ulykka hende, likar Slinde dårleg.

– Vi prøver å halde naudnettet oppe heile tida. Men det er gammalt utstyr. Vi må uansett ha ein betre dialog med brannvesen og alarmsentralen på naudnett. Vi er allereie i gang med å diskutere korleis vi kan gjere dette på ein betre måte, seier Slinde.

Han legg ikkje skjul på at han var uroa då meldingane om at eit vogntog stod i full fyr på E16 Gudvangatunnelen tok til å tikke inn.

– Dette er det verste scenarioet vi har. Eg er samd med brannvesenet i at det er bra det gjekk så bra som det gjorde. Ei stor takk til brannvesenet for flott innsats, seier Slinde.

Han legg til at dette kunne gått mykje verre.

– Det er stor varme, mykje røyk, mykje giftige gassar. Det er det absolutt verste som kan skje i ein tunnel med trafikk i begge retningar, seier Slinde.

Vil koste opp mot 500 millionar

Han ventar ein omfattande diskusjon om tunneltryggleiken i Norge, uavhengig av EU-direktivet.

– Det som er den store diskusjonen er om den norske tunnelar har eit godt nok sikkerheitsnivå, og den kjem nok no. Det eine er om dei er sikre nok mot brann og brannskadar, seier Slinde.

Skal ein setje i verk ei fullstendig oppgradering av Gudvangatunnelen, vil det koste mykje.

– Skal vi oppgradere slik EU-direktivet krev, så vil det koste mellom 300 og 500 millionar kroner. Å reparere og flikke på det som er der inne, vil koste eit relativt beskjedent beløp, seier Slinde.

Og førebels, er det ikkje sett av noko pengar til oppgradering til EU-direktivkrav.

– Nei, det er pengar vi ikkje har. Men det er sagt at det skal satsast meir på drift, vedlikehald og rehabilitering av tunnelar i NTP. Vi har store forventingar, seier Slinde.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.