Hopp til innhold

Heller moms enn nynorsk

Bernt Olufsen bryr seg ikkje om økonomiske sanksjonar. Han vil aldri sjå nynorsk i sitt VG.

Bernt Olufsen
Foto: Junge, Heiko, Heiko Junge / SCANPIX

- Der er dei like konservative som dei ekstremt religiøse når dei viser til Bibelen og Koranen, seier nestleiar i språkrådet, Magni Øvrebotten.

Språkrådet vil tvinge riksavisene til å skrive nynorsk.

Dei meiner at VG, Aftenposten og andre oslobaserte riksaviser må sleppe til nynorsk om dei skal få momsfritak eller pressestøtte.

- Angrep på pressefridomen

Øvrebotten viser til at staten gjennom støtta ynskjer å fremje norsk språk og meiner redaktørane er altfor konservative.

- Det forunderlege her er at redaktørar som regel ynskjer å gå føre. Det har dei gjort når det gjeld likestilling, kvinnelege prestar og homofili. Men i dette eine spørsmålet har dei vore i bakleksa, og det går ikkje lenger, seier Øvrebotten.

Men redaktørane set seg på bakbeina. Hilde Haugsgjerd i Aftenposten meiner at å verte tvinga til nynorsk er eit angrep mot pressefridomen.

- Bruk av språk er ein viktig del av den redaksjonelle linja. Det er det redaktøren som har det heile og fulle ansvaret for. Dette er ikkje noko Staten skal styre, seier ho.

Heller moms...

Og ho får støtte frå statssekretær Vegard Harsvik i Kulturdepartementet

- Det å bruke økonomiske sanksjonar mot aviser som har ein annan språkpolitisk oppfatning kjem vi ikkje til å gjere, seier Harsvik.

Sjefredaktør i VG Bernt Olufsen seier avisa ville ha nekta å skrive nynorsk uansett om dei gjekk glipp av momsfritak.

- Og vi trur faktisk at media blir dårlegare av at det er eit språkleg kaos i spaltene, seier Olufsen.

- Det tykkjer eg høyrest ut som ein nedlatande haldning mot alle nynorsklesarane VG har i heile landet, svarar Øvrebotten.