Hopp til innhold

Heller ikkje politikarane slepp unna sparekniven

Fylkestinget blir kutta frå 39 til 31 medlemmar etter valet neste år. Det går eit fleirtal i fylkesutvalet inn for.

Kuttar i Fylkestinget

VIL KUTTE: Fylkesutvalet føreslo i dag å kutte Fylkestinget frå 39 til 31 medlemmar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

På møtet i Leikanger i dag vart det samtidig føreslege å slå saman kultur- og næringsutvala. Dette vil spare fylket for 1,5 millionar kroner.

Den einaste som stemte i mot ei slik redusering var Frank Willy Djuvik frå Frp. Han ville heller innføre parlamentarisme i fylket, dersom ein ikkje kan halde fram som i dag.

Det er Fylkestinget som skal ta endeleg stilling til kuttforslaget.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes meiner dette er vegen å gå.

– Det er det ein del vi frå politisk side kan gjere for å ta ned kostnadar. No meiner vi at det er på tide at også vi tek ein del av børa, seier Kjelsnes.

– Kva med uroa for at dette vil svekke demokratiet?

– Det kan ein godt vere uroleg for, men samtidig er vi så mange at det bør ligge til rette for ein god representasjon frå heile fylket. Viss vi ser på kor mange innbyggjarar vi er per representant, så ligg vi framleis midt på treet i forhold til andre fylke, seier ho.