Helseministeren gir si fulle støtte til «eldrebølgja»-motstandarane

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen vil be regjeringa slutte å bruke ordet «eldrebølgja».

Anne-Grete Strøm-Erichsen
Foto: Grete Ingebjørg Berge / NRK

Pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane meiner at ordet diskriminerer eldre og skapar eit inntrykk av at pensjonistar er ei byrde for samfunnet.

– Utidig

– Det å bruke ordet «eldrebølgja» på dei eldre no, det synst vi er diskrimerande og utidig, seier Gerd Brekke i Pensjonistforbundet.

Ho fekk støtte av Bent Høie (H), leiar i Stortinget sin helse- og omsorgskomité. No vil også helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (AP) har slutt på bruken av «eldrebølgja».

Vil be regjeringa kutte ut ordet

– Dette har eg stor forståing for. Eg oppfattar ordet på same måte. og eg trur mange oppfattar dette på same måte om Pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane. Derfor brukar eg aldri dette ordet sjølv, seier Strøm-Erichsen til NRK.no.

Ho vil no oppmode dei andre stasrådane i regjeringa om å kutte ut bruken av «eldrebølgja».

– Vi er ganske bevisste i Helse- og omsorgsdepartementet på å ikkje bruke dette ordet. Eg vil også seie til mine kollegaer at dette blir oppfatta som negativt, seier statsråden.

Nynorsk-ekspert forsvarar bruken

Men ikkje alle er kritiske til bruken av «eldrebølgja».

Ottar Grepstad

FORSVARAR «ELDREBØLGJA»: Språkekspert Ottar Grepstad.

Foto: Nynorsk kultursentrum

– Vi må greie å bruke mange ord om eitt og same fenoment utan å vere på vakt etter kva som er negativt ved det, seier språkmannen Ottar Grepstad, leiar ved Ivar Åsen-tunet i Ørsta.

Han har forståing for, og tvilar ikkje på at enkelte kanskje kan kjenne seg diskriminert, men meiner likevel at «eldrebølgja» er eit dekkjande begrep på fenomenet der store kull med etterkrigsborn etter kvart blir pensjonistar.

– Eg er meir uroa for alle ord som tilslører kritikkverdige forhold i samfunnet, enn dei orda som prøver å fange opp ein tendens, seier Grepstad.