NRK Meny
Normal

Bergensarar hadde ingen edrueleg gjennomreise

Kanskje ikkje så uvanleg at passasjerane er rusa på ein laurdagskveld. Heldigvis er det meir uvanleg at heller ikkje bilføraren er edru.

Slik var tilfelle med bilen politiet stogga på E39 i Lavik like over midnatt. Andre vegfarande tipsa politiet om det som kunne vere promillekøyring.

Bilen vart stogga og dei tre personane i bilen vart tekne med til Førde for blodprøve.

– Ein mann i 50-åra er sikta for å ha køyrt bil i rusa tilstand. Ei kvinne i 30-åra er sikta for bruk og oppbevaring av narkotika, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Dei to sikta er heimehøyrande i bergensområdet, og var ifølgje politiet på gjennomfart då dei vart stogga. Om dei skulle nord- eller sørover er ukjent for Hatlenes.

– Bilføraren hadde heller ikkje førarkort, og er avhøyrd, seier Hatlenes.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser