Hopp til innhold

Heller gul midtstripe enn bruer

Transportnæringa i Sogn og Fjordane vil heller ha gul midtstripe på vegane mellom ferjene enn bruer over fjordane.

Rolf Olav Tenden

GOD VEG FRAMFOR BRUER: Leiar Rolf Olav Tenden i Lastebileigarforbundet i Sogn og Fjordane.

Foto: Thor Tenden Transport

I sitt innspel til Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane etterlyser fylkesleiar Rolf Olav Tenden i Lastebileigarforbundet vilje til å betre vegstandarden mellom ferjene.

– Vi ynskjer gul midtstripe framfor nye bruer, seier Tenden.

Arve Mjømen: Uheldig

Men fylkesleiar Arve Mjømen i Høgre i Sogn og Fjordane meiner det er uheldig at transportnæringa vil prioritere ned fjordkryssingane.

– Eg ville ha vore varsam med å seie at vi vil prioritere ned bruene, for E39 er ufatteleg viktig både for fylka nord og sør for oss og for Sogn og Fjordane. Det er viktig å få både gul midtstripe og fjordkryssing.

– Men dei som jobbar i transportnæringa kjenner på kroppen korleis det er å køyre på dårlege vegar, så det er vel ikkje så rart at dei vil prioritere å få betre veg?

– Nei, eg er sjølv bussjåfør, så eg kjenner godt til vegane i Sogn og Fjordane. Men det er viktig å ha ei både og-løysing.

(Artikkelen held fram under biletet).

Arve Mjømen

- UHELDIG: Fylkesleiar Arve Mjømen i Høgre i Sogn og Fjordane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Uroa for lønsemda

Det andre innspelet Lastebileigarforbundet kjem med til Næringsbarometeret handlar om konkurransen frå utanlandske transportørar.

– Vi er sterkt uroa for aukande kabotasje, både lovleg og ulovleg. I dag kan utanlandske transportørar køyre innanlandske oppdrag i sju dagar, men styresmaktene vil opne opp for opptil 50 dagar kabotasjekøyring. Dette er den største utfordringa vår, og det gir grunn til uro for lønsemda i næringa, seier Rolf Olav Tenden.

Han peikar mellom anna på at utanlandske vogntog i praksis køyrer gratis på bomvegar.

– Vi ser at vi taper anbod til utanlandske selskap med så liten margin at det faktisk er bompengane som uitgjer skilnaden.

Det nye Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane blir presentert på byrkjelo torsdag denne veka.