NRK Meny
Normal

80 år gamalt handverk gjer suksess i 25 land

I over 80 år har det blitt laga knivar ved Helle knivfabrikk i Askvoll. Den tradisjonsrike produksjonen vert halden i hevd av kjærlege hender med stor omsut for den endelege produktet.

Helle Knivfabrikk er ei tradisjonell bedrift i Holmedal i Sunnfjord.
På 82 år gamle Helle Knivfabrikk forgår det meste slik det altid har gjort, - med suksess.

TRADISJON: 82 år etter at dei første knivane vart produserte ved Helle knivfabrikk i Askvoll, blir knivane framleis laga på same måte som då.

Det ligg mykje stoltheit bak knivane som blir produserte i Holmedal i Askvoll. I produksjonslokale der dei tradisjonsrike knivane blir produserte, har fleire av dei tilsette hatt sin arbeidsplass i mange mange år.

– Det er heilt fantastisk at vi har slike arbeidsplassar. Vi er spesielle, litt sære, det er heilt klart. Men vi hadde nok ikkje vore her om vi ikkje var spesielle og hadde denne måten å produsere på. Det blir lagt merke til, seier Jostein Hauge som har arbeidd ved fabrikken i heilt 41 år.

Helle knivfabrikkar er ein av to slike fabrikkar som er igjen i landet. Det ligg mykje kunnskap og erfaring bak kvar ein einaste kniv som blir sleppt ut på verdsmarknaden. Knivane blir eksporterte til heile 25 land.

Sidan 1932 har fabrikken produsert knivar.

– Eg håpar fabrikken bli. no har vi eksistert i 82 år, og eg håpar det blir 82 år til, sjølv om eg ikkje blir med då, seier Hauge.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast