NRK Meny
Normal

Hell gjorde at familien ikkje var på brua under terroråtaket

Naustedølen og familien skulle over Westminster Bridge for å hente billettar, men tilfeldigheiter gjorde at dei ombestemte seg før terrordramaet starta i London.

Skulle gått her

SKULLE GÅTT HER: Hell gjorde at Michael Shanks, sambuaren Ailin Møller og dottera på 19 månader ikkje tok turen over brua i dag.

Foto: Privat

– Eg får besøk frå nokre vener neste veke. I dag skulle familien min og eg hente billettane for nokre attraksjonar som vi skal besøke. Planen var å ta turen over brua, seier Michael Shanks.

Under terroråtaket i London mista fire personar livet, og fleire fotgjengarar blei meidd ned på Westminster Bridge.

Det sette ein støkk i 28-åringen frå Naustdal. I fem år har han budd i London saman med sambuaren Ailin Møller og dottera på 19 månader for å studere. No er han ferdig med mastergraden sin.

– Eg sa til sambuaren min at vi skulle gjere det i dag, men så bestemte eg meg heller for å bruke tida på jobbsøking, seier han.

Omtrent ein gong i månaden tar Shanks turen over brua.

– London er ein stor by, og det er litt spesielt at det skjer eit terroråtak den dagen eg skal over brua.

Vil fortsette som normalt

Shanks og familien følger tett med på fjernsynet for å få med seg siste nytt om dramaet som utspelar seg i London i dag.

– Eg har tenker litt på korleis eg ville reagert om eg hadde hamna midt i det. Kva er oddsen for at dette skal skje? Kva ville eg gjort? Eg ser nokre hoppa frå brua og ned i elva, seier han.

I morgon har naustedølen planar om å hente billettane. Terroren stoppar ikkje han.

– Eg må nesten gjere det. Når sånne ting skjer bør ein ikkje endre oppførsel. Eigentleg er det livets tilfelle. Det er berre trist det som har skjedd, seier Shanks.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå