Hopp til innhold

Helikopterselskap satsar på dronar

Dronar kan om få år overta mange av oppdraga til dagens tradisjonelle helikopter.

Pål Anders Kårstad

PROSJEKTLEIAR: Pål Anders Kårstad i Airlift meiner at dronane vil endre heile bransjen i løpet av få år.

Foto: PRESSEFOTO AIRLIFT

Utviklinga av droneteknologien har eksplodert dei siste åra. Dronane er blitt både billegare og kraftigare, samstundes som det opnar for nye bruksområde.

Det er dette landets største helikopterselskap på fastlands-Norge – Airlift i Gaular – no tek konsekvensen av. Selskapet har no tilsett ein eigen prosjektleiar for den nye satsinga på drongeflyging. Han heiter Pål Anders Kårstad og har altså fått ansvaret for å leie satsinga på det, som ifølgje selskapet sjølv, vil endre heile helikopterbransjen.

– Det er særleg tre område der etterspurnaden etter dronar er stor. Det er ved inspeksjon av kraftlinjer og telemaster, inspeksjon på oljeplattformer og dokumentasjon av ras. Når det gjeld film- og tv-bransjen har den alt teke i bruk dronar.

– Vi har mange kundar i dag som spør etter dronar som eit alternativ til tradisjonelle helikopter, seier Kårstad.

– Vil ikkje utkonkurrere helikopter

Han jobbar no med å lage system for både utdanning av operatørar, drift og ikkje minst lage ein plan for korleis det skal satsast.

Kårstad legg ikkje skjul på at det kan vere store summar å spare på å bruke drone framfor helikopter. Ikkje minst fordi dronane er billegare å vedlikehalde. Han fryktar likevel ikkje for at det tradisjonsrike helikopterselskapet skal verte utkonkurrerte av den nye teknologien.

– Maskinene vi brukar i dag har mykje større løftekapasitet enn ei drone, enn så lenge. I tillegg vil det vere behov for folk i maskinene som kan ta avgjerder på meir krevjande oppdrag, forklarar Kårstad.

– Pengar å spare

Satsinga til Airlift vert teken godt imot hos Sunnfjord Energi som dag brukar mykje helikopter i arbeidet med å inspisere og halde vedlike kraftlinjer.

Arild Fleten

REKNAR MED Å SPARE PENGAR: Nettsjef i Sunnfjord Energi, Arild Fleten.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Vi ser at dronar vil ta over fleire oppgåver i framtida. Dette er ei kjempespennande satsing. Eg trur at i løpet av dei næraste fem åra vil det skje store endringar, seier nettsjef Arild Fleten i Sunnfjord Energi.

– Har dette ei økonomisk side også?

– Ja, klart det. Det er det økonomiske aspektet som er mest interessant for oss. Både fordi det kan gå raskare å finne feil, men og fordi dronar kan gi oss billegare tenester på dei sakene der vi i dag utfører arbeid med eige mannskap eller der vi må leige inn helikopter.