Hopp til innhold

Teknisk feil sette luftambulansen ut av drift

Luftambulansehelikopteret i Sogn og Fjordane har vore ute av drift i 12 timar. Etter eit oppdrag i Selje i går kveld, fekk flygarane melding om ein feil som gjorde at dei måtte la helikopteret stå.

Luftambulansen i Selje

STOD i 12 TIMAR: Helikopteret blei ståande på fotballbana i Selje frå midnatt på grunn av varsel om teknisk feil.

Foto: NRK.no-tipsar

– Det kom ein sensor som indikerte at det var metallspon i girboksen. Difor måtte helikopteret stå til det blei sjekka ut av flyteknikar, seier Kjell Naustdal som er basesjef for luftambulansen.

Luftambulansen flaug til Selje for å hente ein pasient i natt. Den landa ved fotballbanen som ligg i sentrum. Men då helikopteret skulle ta av og flyge til Førde, viste det seg at det var ein feil på helikopteret.

Hjelper kvarandre

Kjell Naustdal seier dette er noko som sjeldan skjer, og at dei har gode rutinar for støtteberedskap.

– Når eit helikopter er ute av drift, er systemet i Norge bygd opp slik at vi har dekning frå nabobasane. Det er det same som skjer når eit helikopter er langt vekke på oppdrag og det oppstår noko. Vi hjelper også i andre distrikt om dei skulle ha behov for det.

– Korleis vil du skildre ein slik situasjon som oppstod i natt?

– Dette er udramatisk. Systemet er lagt opp på ein slik måte at det kjem tidlege varsel i helikopteret om noko skulle vere gale. Det er klare reglar for korleis ein skal forhalde seg til varselet. Helikopteret skal stå på bakken til det er avklara om det er sensorfeil eller om det er reelt, seier han.

Er i beredskap igjen

Pasienten som skulle flygast til Førde sentralsjukehus, blei frakta med redningshelikopteret frå 330-skvadronen.

Fredag ettermiddag kom det flyteknikarar til Selje og helikopteret er no reparert og i beredskap igjen.

– Det er sjeldan at slikt som dette skjer. Helikoptera har tett oppfølging av teknisk avdeling, og det blir jobba mykje for å vere i forkant, seier Naustdal.