Helikopteret har gjort funn

Helikopteret som har søkt etter ein sakna mann i 40-åra i Balestrand i dag, har gjort observasjon av ein person. Politiet melder at personen tilsynelatande er livlaus. Området personen ligg i er bratt og utilgjengeleg med helikopter. To klatrarar frå den alpine redningsgruppa i Sogndal er på veg for å ta seg fram til staden.