Hopp til innhold

Helikopter, ubåt og 15 politifolk med i søket

Politiet trappar stadig opp leitinga etter sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet (22). I dag bidreg helikopter og miniubåt, og på laurdag kan alle som vil bidra i ein storaksjon.

Søkjer i Barsnesfjorden

LEITAR: Her vert det leita med båt i Barsnesfjorden.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– I dag startar vi søket i Barsnesfjorden med to einingar, ei sonareining og ei ROV-eining som skal søke gjennom fjordbassenget, seier regionlensmann Asle Karoliussen.

Politihelikopteret

LYSKASTAR: Regionlensmann Asle Karoliussen seier helikopteret har både varmesøkjande kamera og lyskastarar som er nyttige i søket

Foto: Christian Blom

Heggheim Stegegjerdet var sist sett laurdag 25. oktober i heimen sin i Årøy i Sogndal. Førre tysdag starta ein leiteaksjon på bakgrunn av at pårørande ikkje hadde hatt kontakt med kvinna sidan laurdag.

I går vart eit helikopter sett inn med varmesøkjande kamera, og i dag kom miniubåtane endeleg på plass.

– Vi jobbar med å gjere oss ferdige med dei tinga vi ikkje har fått gjort tidlegare, som har vore vanskelege for oss på grunn av vêret.

Trappar stadig opp – storaksjon laurdag

Førre fredag gjekk søket over til søk etter antatt omkommen. Politiet har sett inn store ressursar i saka.

– Vi er rundt 15 personar som jobbar med etterforskinga. I tillegg er det mannskap frå elveredningsgruppa i Nordfjord og folk frå hjelpekorps i enkelte område, seier Karoliussen.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

SAKNA: Veronica Heggheim Stegegjerdet (22).

Foto: Privat

Heggheim Stegegjerdet er etterlyst nasjonalt. Lensmannen vedgår at saka er vanskeleg for politiet, grunna mangel på informasjon om kvar kvinna var mellom laurdag 25. oktober og tysdagen etter, då ho vart meld sakna og leiteaksjonen starta.

– Det er ei vanskeleg sak. Målet er å kartlegge alle rørsler i området i dagane frå laurdag fram til tysdag. Vi har ein periode på nokre dagar vi må prøve å dekke opp best mogleg.

(Artikkelen held fram under videoen)

Eit helikopter er sett inn i søket etter sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet (22) i Sogndal.

SJÅ VIDEO: Politihelikopteret er onsdag med på søket i Sogn. (FOTO/REDIGERING: Christian Blom)

På laurdag blir det storaksjon i området der kvinna bur. Folk som vil hjelpe kan bidra i leitinga ved å ta kontakt med lokalt hjelpekorps.

– Det har vore svært krevjande ver og det er eit krevjande terreng, der moglegheitene er mange. Vi må vere trygge på at vi har leita så godt som mogleg, og at vi ikkje har oversett noko, seier Karoliussen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Har stengt av

PLOMBERT: Husveret til den sakna kvinna er stengd av.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Vil ikkje spekulere i kva som har skjedd

Sogn Avis skriv torsdag at fleire ting heime hjå kvinna gjer saka til eit mysterium. Mellom anna vart mobiltelefonen, lommeboka og husdyra til kvinna funne i heimen hennar.

– Det er riktig. Vi har registrert det og gjort undersøkingar i tilknyting til det. Det er med på å gje oss eit bilete, og svara har vi på langt nær fått enno, seier Karoliussen.

– Mistenkjer de at noko kriminelt har skjedd?

– Vi har ingen grunn til å spekulere i noko som helst. Vi jobbar systematisk med å hente informasjon og analysere etter kvart. Vi håpar dei neste dagane vil kunne gje oss nokre svar, seier lensmannen.

Eige tipsnummer

Tips frå publikum om den sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet, har allereie ført til at politiet har fått ny informasjon i saka.

– Tips frå publikum har hjelpt. Det har kome mykje informasjon, og vi forventar at det kjem endå meir.

Difor har politiet har no oppretta eit eige nummer for å samle tips i saka om den sakna kvinna. Dei som har tips kan ringe 57 75 88 00.

– Det er fordi vi har behov for å kvalitetssikre at all informasjon vi får inn blir registrert og handsama på ein god måte.

Regionlensmann Karoliussen seier dei vil gå ut med informasjon kva om tips som har kome inn, for å få fleire tips om dette. Slik kan dei finne ut kva som er viktig og bør jobbast vidare med, og kva som ikkje er det.

Huset i Årøy

LEITAR: Politi og leitemannskap har gjennomsøkt området rundt huset i Årøy. Også Årøyelva er nøye gjennomsøkt, utan funn.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK