Hopp til innhold

Helikopter måtte hente sauesankar

Redningshelikopteret har henta ned mannen som gjekk seg skårfast ved fjellet Høydalsnipa ved Eikefjord.

Høydalsnipa

Politiet opplyser på Twitter litt før klokka halv sju at helikopteret har sett av mannen på ein trygg stad og at han er uskadd. Mannen var ute på sauesanking då han gjekk seg skårfast.

Politiet fekk melding om den skårfaste sauesankaren klokka 17.30 onsdag. Det vart ikkje sendt ut redningsmannskap i terrenget.

– Akkurat no avventar vi kva Hovudredningssentralen vil gjere. Det er mogeleg dei vil sende redningshelikopteret for å hente ned mannen. Han er uskadd og vi har kontakt med han på telefon, sa operasjonsleiar Olaug Holme til NRK i 18-tida.