Dei to personane i helikopteret kom uskadde frå uhellet på fjellet Liabakken, kring 1.100 meter over havet.
Piloten naudlanda då helikopteret fekk problem med oppdrifta. Helikopteret landa på blautt underlag og delvis velta, slik at rotoren tok i bakken.
– Helikopteret var det siste i følgjet på fem. Då dei kryssa Sognefjorden fekk det problem og måtte naudlandet i fjellet i Vik kommune, opplyser politibetjent Stein Helge Selland ved Sogndal og Leikanger lensmannskontor.
Uviss hending
Det var uvisst kva som hadde skjedd og kvar, då politiet like før klokka 15 melde om eit helikopter som hadde havarert i fjorden ved Leikanger.
Det som var sikkert var at dei to personane i helikopteret var tekne hand om av dei andre i reisefølgjet, og frakta ned frå fjellet.
– Vi har fått opplyst både i fjellside og at det har vore ved sjø. Dei siste opplysningane er at det er eit fjellområde, truleg ovanfor Vangsnes, opplyste operasjonsleiar Inge Værøy ved Vest Politidistrikt i Florø.
På veg til Aurland
Reisefølgjet på ti personar er frå Tyskland og har den siste tida farta rundt over Sør-Norge. I dag stod 17 kilometer lange Nærøyfjorden i Aurland for tur som siste post.
Statens havarikommisjon for sivil luftfart er varsla om uhellet, og er venta til Sogn i kveld.
– Følgjet har floge kring om i Sør-Norge med fokus på Vestlandet for å få innblikk i den vakre naturen vi har her. Dei skulle avslutte rundturen på Leikanger i kveld, seier Selland.
Havarikommisjonen varsla
Helikopteret som havarerte er av typen Robinson R22 Beta, eit tosetars helikopter med ein motor. Helikopteret er i privat eige med base i Mannheim. Det var av dei minste i følgjet på fem over Sognefjorden.
Helikoptera kom frå Bringeland, der dei tidlegare i dag tanka. Etter planen Sandefjord neste mål etter Sogn. Førebels er det uklart kvifor helikopteret fekk problem.
– Det er venta at medlem frå Havarikommisjonen kjem til Leikanger i kveld. Vi vil då vurdere når vi skal inn for å sjå på helikopteret, seier Selland.
Kontrollert naudlanding
Bilete av helikopteret tyder på at naudlandinga skjedde på ei myr, slik at helikopteret nær velta. Begge personane om bord kom uskadde frå uhellet.
– Der er nok ein del skade på helikopteret, mellom anna hovudrotor og understell. Om opplevinga har dei to ikkje skildra den på noko anna vis enn at det var ei kontrollert og grei naudlanding frå deira side, opplyser Selland.
Etter uhellet vart alle dei involverte avhøyrde ved Sognefjord Turisthotell, der dei søkte tilhald etter hendinga.
– Dei som var i helikopteret kom seg ut og fekk legebehandling for sjokk, fortalde direktør Jack Eggum ved Sognefjord Turisthotell.