NRK Meny
Normal

Helgesenkoret laga julestemning: – Flott song

For det familiebaserte Helgesenkoret har det blitt tradisjon å synge på eldreheimane i Selje. For det kan dei takke mora.

Helgesenkoret

SØSKENKOR: Helgesenkoret har fått med seg den heimflytta musikaren Line Dybedal som musikalsk leiar.

Foto: Harald Kolseth/NRK

– Det er ikkje alle som har moglegheit til å dra dit vi har konsert, og difor kjem vi hit og syng for dei, fortel Paul Helgesen i Helgesenkoret.

For femte året på rad drar han og resten av det familieprega koret rundt på ein juleturné på eldresentera i Selje. Årsaka til at familiekoret ønskjer å gjere det stammar frå langt tilbake i tid.

– Vi er vaksen opp i ein stor søskenflokk, og medan pappa laga julemiddagen på juleaftan, var vi med mamma i kyrkja og på besøk sjå folk vi kjende på sjukeheimen. Då blei vi alltid stilt opp og måtte synge nokre julesongar, fortel Paul Helgesen.

– Eg kjem i julestemning

Og no har besøka på eldreheimane blitt ein tradisjon for borna i familien.

– Det starta då vi var små og når vi då seinare laga til julekonsertar, var det naturleg for oss å tenke at vi hadde lyst til å synge her, fortel Helgsen.

– Flott!

– Veldig flinke til å synge!

– Eg kjem i julestemning, var nokre av reaksjonane frå dei vel 60 personane som fekk med seg konserten på ein av eldreheimane i Selje måndag.

Koret har fått med seg den heimflytta musikaren Line Dybedal som musikalsk leiar og til helga skal dei ha ein stor julekonsert i kyrkja. Den er det mange som set høgt.

– Det var fantastisk song, og vi følar oss veldig privilegert som får dei på besøk her. Å gå på konsert med Helgesenkoret i kyrkja, er ein del av det å kome i julestemning, fortel Rita Hatlenes.