Per Svein Reed Arkivfoto NRK
Kaos i heisane
Han opplevde å kome på rom med ein pasient som var mykje sjukare enn han sjølv, og som måtte ha tilsyn så ofte at dei andre pasientane ikkje fekk ro ei heil helg.
Flyttesjau kvar helg
Reed seier han berre har positive ting å seie om personalet ved Nordfjord Sjukehus, men han har svært lita forståing for flyttesjauen for å slå ihop avdelingane fredagar, og flytte pasientane tilbake måndagar. Han seier det rett og slett var fullstendig kaos i heisane då pasientane vart flytta.
Sparer pengar
Aministrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, seier samanslåinga i helgane sjølvsagt er for å spare pengar. Bolstad seier avdelingar ved Førde Sentralsjukehus har vore slått saman i helgane i fleire år, og at pasientane ved Nordfjord Sjukehus må vere budde på det. Medisinsk klinikkdirektør Anne-Lene Nordmann seier ho beklagar opplevinga Per Svein Reed har hatt.
Ombygging vil gjere det betre
Ho seier også at sjukehuset skal byggjast om, slik at alle pasientane blir samla på eitt plan. Dermed vil ein ikkje få problema med kaos og tidsbruk i heisane.