NRK Meny
Normal

Helge (47) skulle berre slanke seg - fall pladask for «Norges tøffaste fjelløp»

Hornindal Rundt opplever tidenes beste påmeldingar til årets arrangement. Helge Reinholt frå Telemark skjønar godt kvifor.

Helge Reinholt

HEKTA: Helge Reinholt tok dette biletet av seg på Gulekoppen i Hornindal. 47-åringen legg ikkje skjul på at han er blitt hekta på ultrafjelløpet Hornindal Rundt. – Kona mi plar seie at eg i alle fall har funne meg ein sunn hobby, gliser austlendingen som skildrar seg som ein mann i panikkalderen.

Foto: Privat

Austlendingen skildrar seg som ein mann i «panikkalderen», der jakta på nokre færre kilo og betre helse leia han frå Treungen i Nissedal til Hornindal for to år sidan.

Helge Reinholt har allereie booka seg inn på hytte i Hornindal for å kunne delta på dei tre neste utgåvene av Hornindal Rundt.

– Dette er mitt årlege prosjekt, mitt helseprosjekt og avspenningsprosjekt. Eg kjem til å springe Hornindal til eg blir 100 år, svarar 47-åringen bastant på spørsmål om kvifor han har lagt sin elsk på bygda i Nordfjord.

– Galskap

Mykje skal gå gale om ikkje Reinholt stiller på startstreken når Hornindal Rundt blir arrangert for femte året 5. juli i år. Allereie har 84 deltakarar meldt seg på til det 75 kilometer lange ultrafjelløpet som går over 5.600 høgdemeter.

(Artikkelen held fram under 3D-animasjonen)

26 meiner derimot at fjelløpet på 38 kilometer og 2.900 høgdemeter er langt nok. Desse må innom 11 postar, i motsetnad til dei 20 som deltakarane i ultrafjelløpet må innom.

– Første året eg såg annonsen på nett, så tenkte «Kor galne kan folk vere». Tre dagar etterpå så visste eg at eg ikkje kom til å la vere å prøve, humrar Reinholt.

Allereie 110 klare til start

Reinholt måtte gje tapt på første forsøket, men fulløfte i fjor med glans. Tida vart 16 timar og 40 minuttar. Då var han ein av 101 som stilte til start på langløypa. Halvparten av desse var utanlandske.

To løparar, mellom desse Inge Asbjørn Haugen (Hornindal), har delteke alle åra, og er også påmelde i år. Det er også fjorårsvinnar Kristoffer Normark (Sverige).

Svein Otto Espe, her saman med Thomas Andersen.

OPPTUR: Svein Otto Espe (t.v.), her saman med Thomas Andersen, seier Hornindal Rundt opplever tidenes opptur.

Foto: Svein Nesbakk

Svein Otto Espe hos arrangørane seier dei også i år merkar god auke i deltakarmassen. Deltakarane kjem frå Norge, Sverige, Danmark, Finland, USA, Storbritannia og Sør-Afrika.

– Spesielt frå ikkje lokale utøvarar. Per no har vi 110 påmelde, av desse 84 på langløpet. Det er meir enn vi er vande med i høve til tidlegare år, seier han og fortel at det summa summarun stilte 250 løparar på startstreken i fjor.

Hardt og trygt

Ideen til løpet kom frå nokre lokale trimentusiastar som vitja alle trimpostane i Hornindal på eitt døgn. I dag er ein av desse, Amund Sverre Tomasgaard, løpsleiar.

– Sidan har deltakinga auka på, og vi er kjempeglade for tilbakemeldingane, seier Espe og legg til at tryggleiken står i høgsetet for at dei mange deltakarane får det så trygt som mogleg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mot Daurmålhonnet, med Rokken bak.

FORELSKA: Slike naturopplevingar gjorde at Helge Reinholt vart forelska i Hornindal Rundt.

Foto: Privat

– Vi har god kontakt med Hornindal Røde Kors som stiller med mannskap, enormt med frivillige som er ute på postar og stiller med bilar og firhjulingar. Snøskavlar blir sikra godt og skulle det bli skodde, så er løypene godt merka. Merking og sikring er noko vi set høgt, seier han.

Er heilt over seg

47-årige Reinholt forstår godt at ultrafjelløpet i Hornindal er blitt populært. Han trekkjer fram proffe arrangørar, god merking og hyggelege innbyggjarar og ikkje minst deltakarar. Så var det naturen.

– Eg har vore med på mange ulike løp og terrengløp, og sett mykje flott natur. Men naturen i Hornindal er berre heilt spesiell. Sandfjellet, Høgnibba, Gulekoppen, det er berre magisk, seier han.

Helge Reinholt

MÅLPASSERING: Helge Reinholt trur mange ikkje er klar over at dei kan gjennomføre slike langturar. – Når ein er ferdig med eit slikt løp, så seier ein gjerne aldri meir. Men før du veit det, så er du påmeldt att, seier han.

Foto: Privat

– Ein opplever stadig nye steinar og vinklar, men det er ikkje berre dei høge vestlandstoppane. Du har dei breie mektige dalane innover der som tek pusten frå deg, seier han og blir ivrig i skildringa si.

«Rønners high»

– Løypene er så godt merka at du treng ikkje kart for å finne fram. Då kan du konsentrere deg meir om opplevinga og naturen, held han fram.

– Kva kjensler får du når du spring eit så langt og tøft løp?

– Det er ganske spesielt, men du kjem over nokre smertetersklar og andre tersklar, og inn i det som på engelsk heiter «rønners high». Då kan du berre halde på og halde på. Då opnar også sansane på ein heilt annan måte. Du legg merke til bekkeskvulp, mus i lyngen og småfuglar. Du får med deg omgjevnadene på ein heilt annan måte.

(Artikkelen held fram under biletet)

Helge Reinholt med brestien til Gulekoppen i bakgrunnen.

GULEKOPPEN: Helge Reinholt med brestien til Gulekoppen i bakgrunnen.

Foto: Privat

Rekord frå 2011

– Det blir som ein slags rus, som du først opplever når du har halde på nokre timar og er veldig sliten. Opplevinga gir deg nesten uavgrensa krefter til å halde fram. Det er ei nydeleg oppleving, held 47-åringen fram og er nær ved å kalle Hornindal for sin andre heim.

Ola Hovdenak har løyperekorden på ti timar, ti minutt og 52 sekund. Den vart sett i 2011.

(Artikkelen held fram under høgdeprofilen)

Høgdeprofilen til Hornindal Rundt

HØGDEPROFIL: Gulekoppen er med sine 1304 meter over havet høgste punkt på Hornindal Rundt.

Foto: Hornindal Rundt

– Det er ein heilt annan planet enn meg. Det er berre heilt fantastisk å fullføre løpet på ti timar, seier Reinholt som sjølv ynskjer å fullføre på under 15 timar.

Eit løp for alle

Hos arrangøren seier Espe at det ikkje berre er konkurranseløparar som stiller på startstreken til løpet som går for Norges tøffaste fjelløp.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

I kjelleren på Bislett Stadion ble det i helgen arrangert langdistanseløp med 117 deltakere. De løp i 24 timer sammenhengende.

SJÅ TV-SAK: Sportsrevyen laga i desember sak om langdistanseløp i kjellaren på Bislett Stadion. Helge Reinholt var då blant 117 deltakarar som sprang 24 timar i strekk.

– Det er mange som gløymer heilt tidene, og tek med seg familien sin og borna og gjer dette til ein dagstur, seier Espe.

– Korleis forklarar du den veksande interessa?

– Alt går i bølgjedalar, men både lengre skiløp og fjelløp frå botn til topps, som Skåla, er kjempepopulære. Det er ei aukande interesse for slike ting. Dei som søkjer utfordringar ynskjer seg lengre og tøffare utfordringar. Det er ein trend i tida, der Hornindal kjem langt framme på lista.

Ville slanke seg

Helge Reinholt klar for "Muldsvormonsteret."

NYTT NAMN: Helge Reinholt klar for Muldsvorhornet, eller Muldsvormonsteret, som han kallar det.

Foto: Privat

For 47-årige Reinholt starta løpsdilla for to år og 11 kilo sidan. Den 184 centimeter høge telemarkingen vog då 100 kilo, som han meinte var 15 for mykje, og hadde hatt nokre år fri for symptom på utmattingssyndromet.

– Eg veit ikkje heilt om det er noko eg spring frå, eller noko eg spring mot, humrar han og legg til at naturen er den beste medisin for ei frisk og sunn helse.

– Motbakkeløp er ein fin måte å forbrenne feitt på når ein held på ei stund, men det blir litt kort. Eg treng tre-fire timar for å bli varm i trøya, så er knapt nok varma opp når eg kjem i mål. Så åtte-ti mils fjelløp er midt i blinken for meg, seier han. Og ser fram til juli, når han står på startstreken i Grodås sentrum.

P.S. Helges idrettslag i Treungen har laga sitt eige løp der dei har brukt Hornindal Rundt som mal. Dei opplevde stor suksess med “Telemarks Tøffaste” på første forsøk i fjor.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser